Archive - Date
Archive - Activity
-
Climbing (2)
- Alpine climbing (2)
- Other trip (31)
-
Other winter trip (2)
- Snowshoe trip (2)
-
Ski trip (410)
- Backcountry skiing (64)
- Randonnée/Telemark (345)
-
Trip by foot (1077)
- Alpine trip (1)
- Hike (274)
- Hillwalk (772)
- Jogging (2)
- Walk (2)
Collected lists
- Stryn ≥ 50m pf
- Sunnmøre ≥ 100m pf.
- Stranda ≥ 50m pf
- Gloppen PF>50
- Øytopper i Møre og Romsdal
- Herøy ≥ 50m pf.
- Stordal ≥ 100m pf.
- Ørsta ≥ 50m pf
- Ørskoghalvøya p.f. >= 100 m
- Herøy ≥ 100m pf.
- Vestnes ≥ 100m pf.
- Ørskog ≥ 100m pf.
- Sykkylven ≥ 100m pf.
- Møre og Romsdal kommunetopper
- Nordfjord 50m pf
- Møre og Romsdal ≥ 100m pf.
- Møre og Romsdal ≥ 500m pf.
- Rauma ≥ 100m pf.
- Romsdal ≥ 100m pf.
- Rindal ≥ 100m pf.
Favourite trips
Favourite peaks
Vestnes: Snaufjellet
- Date:
- 31.05.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 4.9km
Eg labba avgarde frå den store fine parkeringsplassen ved Rekdalssetra der vi hadde overnatta. Tok av austover ved første stikkvei, forbi ei hytte med ei campingvogn av god gammal årgang utanfor. Raud og med "Anneks" fint rosemåla på. Her var det merking mot Skaret og Gjellstein. Stien var ikkje lett å følgje og eg mista den. Etter mykje trakking og basking oppover sto eg plutseleg ved ei hytte. Merking vidare mot Skaret ....igjen... Fulgte denne gode råsa til eg kom opp på ei lita myr, Der tok eg av bratt oppover, lett til toppen. På returen vart eg var stien som gjekk vestover frå denne hytta og tok den heilt ned til bilvegen. Her stod det merking "Mathiesenhytta". No hadde eg ikkje kjøyrt opp denne vegen så hadde ikkje sett dette skiltet. Anbefalinga blir >>>
Vestnes/Haram: Rekdalshesten og Urfjellet
- Date:
- 31.05.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:19h
- Distance:
- 16.6km
Vi starta på Rekdalssetra litt usikkre på veret. Skodda låg nedpå som dagen før. Eg hadde først vore ein kjapp tur på Snaufjellet medan Lise styra med junior. Frå Rekdalssetra er det merka og god sti oppover lia mot Rekdalshesten. Såg ut som stien svinga mot stupet der det stod ein varde. Dette var vi ikkje interessert i, så gjekk i skodda og leita opp toppunktet. Vidare sørover mot Urfjellet. Her skilde vi lag. Lise og Vinjar returnerte, medan eg gjekk vidare for å plukke eit par pf 50-toppar. Frå Urfjellet gjekk eg vidare sørover og kom inn på ei rute i Skjerdinghalsen. Vidare austover mellom 2 vatn og opp på Storknausen. På returen gjekk eg forbi eit turfølgje på 5 som stod og fiska i frålandsvinden i eit av vatna. Kom aldri i dialog med dei, berre ein høffleg labb i >>>
Haram/Vestnes: Blåskjerdingen og Grøtfjellet
- Date:
- 30.05.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 15.0km
Skodda låg tjukk nedpå når vi gjekk frå parkeringsplassen i Vatnedalen. Eg bar Vinjar, og god temperatur løyste snart svetten oppover bakkane. Oppe i ura starta sola å bryte igjennom så vi skjønna at dette kunne bli lekkert. Ubegripeleg med etterlatenskaper i løypa. Etter å ha passert det meste av det ein kan tenke seg i ein garderobe, jakke, t-skjorte, caps, vott osv osv kom vi til topps i eit fantastisk ver. Tok sjølvsagt turen til nordre og høgaste toppen, der Vinjar kunne feire sin første kommunetopp (utan at det betyr noko for han sjølvsagt). På returen tok Lise over bæringa, eg skulle vidare på eit lite prosjekt og så skulle vi møtest på Rekdalssetra. Første pri var Tindfjellet som eg mangla i Sunnmøre 50m. Lett og fint bortover egga til toppen som låg akkurat over >>>
Sykkylven: Sætrefjellet
- Date:
- 28.05.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
Eg er ikkje glad i vintersportstader, Fjellsætra intet unntak. Har vel ikkje lov å klage, det var muleg å ta desse toppane på anna vis. Men dette var rett og slett for å krysse av, så ærleg skal eg være. Parkerte ved skiheisen og måtte ut med 30 kr i park.avgift. greitt nok. Beina på rett opp traseen til høgste punktet på Sætrefjellet, ikkje langt unna siste heiskonstruksjonen. Vidare til den lavare toppen nord for Sætrefjellet. Gjekk ned og ut Tuvdalen. Lise venta tolmodig på parkeringa. Hadde vore ein trilletur med jr. Vidare til overnatting langs veien til Melsetsætra.