Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Gjemnes: Stokknoken og Storfjellet

Date:
28.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:52h
Distance:
13.5km
Map    

Eide/Gjemnes: Harstadfjellet (Eide pf 100 komplett)

Date:
27.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:10h
Distance:
8.7km
Map     1 comment

Molde/Gjemnes: Raudheia

Date:
27.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:15h
Distance:
8.5km

Lise skulle på Snøtinden. Vinjar og eg tok turen til Raudheia som ho var på kvelden før. Starta frå parkeringa ved E39. Her er det skilting til Stikk Ut-posten Steinliheia og anna skilting til Raudheia. Gjekk forbi ein bom med PRIVAT på. Store feite skremselsliknande bokstavar. Denne veien er sjølvsagt naturleg å gå, men då må ein passere nokre hytter og det er trasig for dei som evt skulle være der. Gjekk heller stien over søkkblaute og myrete parti til den kom inn på denne veien igjen. Det er ingen vansker til desse toppane. Raudheia er flat og vid. Den store varden med bok er ikkje høgste punkt, så vi gjekk eit stykke bortover og over 2-3 aktuelle toppunkt. På retur møtte vi ein Stikk Ut-samlar som og hadde Peakbookkonto. Roy heitte han. Og når vi kom ned til veien gav >>>

Map    

Molde: Raudmoldåsen

Date:
26.07.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
1:25h
Distance:
6.7km
Map    

Gjemnes: Steinlifjellet og Stokkåsen

Date:
26.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:55h
Distance:
10.1km

Det er sjølvsagt muleg å kjøyre langt oppover mot Gammelsetra. Ved E39 er det merka Flåberget. Eg parkerte bobilen på ein lomme heilt nede og gjekk veien oppover. Svært god grusvei. Flåberget er/har vore Stikk ut og det er merking til denne frå første sætrehusa. Holdt fram på dårlegare vei 1 km eller så, før eg tok av oppover ein rygg mot Steinlifjellet. Greit å gå her, ein del dyretrakk å følgje. Returnerte samme veien, kryssa myra og 100 høgdemeter i full gamp til Stokkåsen. Lise og Vinjar var på vei, avtalen var å møtest på parkeringa ved E39 rett nord for kommunegrensa Molde/Gjemnes. Veiva kjappt med mobilen så eg fekk eit bilde før eg trava nedover til bilen igjen. Kjapp tur til 2 enkle intetsigande toppar.

Map    

Gjemnes/Eide: Skredfjellet

Date:
26.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:57h
Distance:
6.3km

Lite info å finne om denne enslige toppen. Ikkje enkel å kombinere på effektivt vis med andre toppar. Parkerte ved dei knappe svingane på Gaupset. Fulgte skogsveien oppover til endes. Her tok det overraskande nok av ein heilt ok sti som eg fulgte til skoggrensa. Stien går på nordsida av Tørrisbekken. Kryssa etter kvart denne og peila meg inn på sørryggen til Skredfjellet. Det ser veldig bratt ut opp alle plassar frå botnen, men her er ein plass det gjekk heilt fint. Bratt opp nokre hyller men ikkje vanskeleg eller noko slikt. Kom opp på ryggen knappe 100 høgdemeter frå toppen. Rusla den siste biten oppover på dyretrakk. 1.10 til topps. Svært fornøgd med dette rutevalget, som kan anbefalast.

Map    

Eide/Gjemnes: Storrunde frå Ugelstad

Date:
25.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:27h
Distance:
20.9km

Det er bomveg frå Ugelstad. Eg parkerte der nede sidan eg hadde ein rundturplan. Gjekk veien oppover, fleire bilar kjøyrde forbi meg. Til mi store glede var det skilta Seterfjellet og god sti over Ugelstadmyra. Frå Seterfjellet på god sti ned i Kjølaskardet. Her sat det ein gjeng...ein kar med hovudplagg utmerka seg. BF!!! Ja eg trudde nesten ikkje mine eigne auge. Forsvarets BF tenkt til svinkalde dagar. 15 grader, shorts og svettebyger for meg. Oppover lia var det svarttrakka sti, over Gongrøra og heilt til topps på Snøtinden. Her var det rett folksomt 10-12 damer og ein enslig hane. Skylaget låg nedpå og tok utsikta. Gjekk vidare egga til Stortussen, bratt ned rett sørover, over Lågåsen og til dagens andre Seterfjell. Då var det Sørtussen igjen. Den fine stien som er teikna >>>

Map    

Fræna/Molde: 4 pf 100 og Fræna komplett

Date:
24.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:02h
Distance:
16.5km

Kjøyrde til Malmefjorden og tok av mot Hol. Ved siste garden leita eg etter folk for å få godkjent parkering osv, men det såg rimeleg fråflytta og dødt ut. Med vanleg bil kan ein sikkert kjøyre til vassverket lenger oppe. No hadde eg uansett ein rundturplan, så då passa det å parkere ved siste garden. Fulgte vei og etterkvart god sti til Holstjørna. Tok av og gjekk ryggen nordautsover til Såta. Her var det eit par veldig bratte kneikar der ein vel må kunne seie det er klyving. Fekk ei sure byge på toppen, noko som gjorde dette til eit av tidenes kortaste toppbesøk. I tillegg var det svart rett nord for meg og lyn og torden herja lenger ute i Fræna. Retur Holstjørna og sti vidare til Frænvarden/Middagsfjellet. Her såg eg turens 2 einaste folk. 2 menn med feminint ganglage. >>>

Map    

Fræna: Luten, Bjørnen og Butippen

Date:
24.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:12h
Distance:
14.5km

Parkerte på Malmesetra og fulgte merking mot Bjørnen. Stien gjekk over mykje blaute myrparti og var ikkje alltid like kjekk å følgje. Oppover sørryggen kom dette seg. På ca 750 moh tok eg og gjekk sida bortover mot Luten. Her var det litt kronglete, men kom meg greitt bort i skaret. Lett til første topp Luten. Gjekk og bort til varden med kasse og ubrukeleg bok som stod litt lenger nord. Retur til skaret og ny bakke opp til Bjørnen. Her kom akkurat samtidig 3 stk opp ryggen frå sør. Det vart ein lang prat med 3 trivelege fjellfolk, og dei unngikk ikkje eit rekrutteringsforsøk til Peakbook. Samme kvelden hadde 2 av dei registrert seg, morro! Holdt fram over Butippen og stien ned til Gjengkleiva. Herifrå var det ikkje lett å finne god sti. Først eit dyretrakk som gjekk under mykje >>>

Map    

Molde: Lønsetfjellet

Date:
23.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:06h
Distance:
9.3km

Parkerte på skistadion. Merking mot Lønsetfjellet som er veldig enkel å følgje. Siste skilt heng på ein vegg på ei utløe. Frå stadion er det oppgitt 6 km. Dette er heilt feil, gps viste 4,6 frå stadion til varden. Turen er meget fin og lettgått på god sti utan for mykje myrtrakking. Kasse og bok ved varden. Fint turver, berre nokre få dropar før eg kom til bilen igjen. Møtte ingen, litt rart sidan eg trudde dette var reine kredtoppen i Molde. Overnatta på skistadion, spent på morgondagens ver. Ein smule ustabilt for tida.

Map