Archive - Date
Archive - Activity
-
Climbing (2)
- Alpine climbing (2)
- Other trip (31)
-
Other winter trip (2)
- Snowshoe trip (2)
-
Ski trip (410)
- Backcountry skiing (64)
- Randonnée/Telemark (345)
-
Trip by foot (1077)
- Alpine trip (1)
- Hike (274)
- Hillwalk (772)
- Jogging (2)
- Walk (2)
Collected lists
- Stryn ≥ 50m pf
- Sunnmøre ≥ 100m pf.
- Stranda ≥ 50m pf
- Gloppen PF>50
- Øytopper i Møre og Romsdal
- Herøy ≥ 50m pf.
- Stordal ≥ 100m pf.
- Ørsta ≥ 50m pf
- Ørskoghalvøya p.f. >= 100 m
- Herøy ≥ 100m pf.
- Vestnes ≥ 100m pf.
- Ørskog ≥ 100m pf.
- Sykkylven ≥ 100m pf.
- Møre og Romsdal kommunetopper
- Nordfjord 50m pf
- Møre og Romsdal ≥ 100m pf.
- Møre og Romsdal ≥ 500m pf.
- Rauma ≥ 100m pf.
- Romsdal ≥ 100m pf.
- Rindal ≥ 100m pf.
Favourite trips
Favourite peaks
Jølster/Luster/Sogndal: Grensevarden
- Date:
- 28.06.2015
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 5:05h
- Distance:
- 13.8km
Sidan det er vanskeleg å få med folk på skiturar kontakta eg eit sikkert kort, Sunnfjords ivrigaste telemarkkjøyrar Brit Siv Fimland. Ho har 140 toppturar denne sesongen, slett ikkje værst. Ho hadde heldigvis ikkje planar for søndagen, så vi vart eininge om Fonn -> Grensevarden. Avtalen var å møtest på Klakegg og så kjøyre ein bil til Fonn. Kom oss avgarde frå Fonn ca 0930 i strålande ver. Gjekk etter merking mot Tverrdalen og fulgte sommarråsa mot Gallen. Denne måtte vi gå til 900 moh, men vi blinka oss ut ein spennande nedfart der det såg ut til at vi slapp å ta av skia for vi kom ned i botnen. Det gjekk radig oppover med feitaste plankane i utstyrsboda. Gjekk kortaste tenkelege linje mot Grensevarden, kryssing utan høgdegevinst var ikkje eit tema. Kryssa eit skispor >>>
Eid: Lotsbergstøylen
- Date:
- 25.06.2015
- Characteristic:
- Trip by foot
- Duration:
- 1:15h
- Distance:
- 3.5km
Stryn/Luster: Brenibba, Kjenndalskruna og Bødalsfjellet
- Date:
- 23.06.2015
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 11:40h
- Distance:
- 46.1km
Kven er det muleg å få med på ein spontantur på ein tirsdag, sjølvaste jonsokafta? Kom på eit namn på ein som er litt svak for lange turar til toppar han manglar i samlinga. Om menyen var god nok rekna eg med at han ikkje klarte å takke nei. Ringde til Oppdal og la fram bodskapen. Samtalen forløp omtrent som dette: "God dag, det er boven. Er du interessert i tur i morgon? Ei sjelvande stemme svarte: "Jaaaa....Er det nokke spesielt du har tenkt på?" "Tja kva kan eg friste med....kva med Kjenndalskruna og Bødalsfjellet?" "Ja, eg skal berre samle saman noke utstyr her so kjeme eg!" Johan slukte menyen bortimot utan betenkningstid. Møttest på Esso Stryn og kjøyrde ein bil til Bødalsseter. Var framme der seint på kveld. Ein bil stod på parkeringa. >>>
Halsa: Knubben og Nessafjellet
- Date:
- 20.06.2015
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 3:13h
- Distance:
- 11.3km
Dagens 2. tur. På Engan er det merka blant anna Hjelmkona og Englivatnet. Eg snakka med ei dame i gartneriet. Ho anbefalte meg å ikkje kjøyre med stor bobil innover. Sidan eg ikkje hadde anna info om veien høyrde eg på dette. Når eg kom opp til infotavla og bomkassa stod der til og med pris for lastebil. Då skjønte eg at her kunne eg lett ha kjøyrt opp. Veien til Englivatnet er veldig god. Trur uansett ikkje eg hadde spart all verden med tid pga av at eg då måtte flytta bilen mellom desse to toppbesøka. Vel vel, trakka veien oppover med godt mot. Ca 600 meter før vatnet tok eg til høgre mot Englia på dårlegare vei. Her ville eg ikkje kjøyrt med bobilen. Passerte garden og nokre hytter, holdt fram på sti innover langs vatnet. Terrenget såg sørgelig ut. Endelause granfelt. >>>
Halsa: Møkkelfjellet
- Date:
- 20.06.2015
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:57h
- Distance:
- 8.9km
Parkerte på Fjærli. Ein liten parkeringslomme ved veien, og merking Møkkelfjellet 4,1 km. Gjekk veien oppover og møtte snart 2 eldre damer som hadde vore på trimtur til Fjærlivatnet. Det er vei heilt inn dit, ikkje innteikna på alle kart. Tipset var å følgje veien heilt inn og ikke bli frista å ta av opp før det. Ved vatnet var det skilting i alle retningar, blant anna til Møkkelfjellet ja. Stien gjekk ganske flatt utover på nordsida av fjellet. Den tok til slutt av bratt opp ved eit lite bekkefar. Her kan ein gå feil, rett fram, om ein ikkje er obs. Kasse og bok i varden. Høgste punkt litt lenger sør. Kjempefint turver. Andre dagen i år eg har starta i shorts, jaggu på tide!
Halsa: Storfjellet, Tindan og Hennafjellet PF100 komplett
- Date:
- 20.06.2015
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:06h
- Distance:
- 10.5km
Dagens 3. tur, og siste tur i Halsa kommune. Banka på hos ein triveleg bonde i bygda og spurde om veien innover mot Hennasetra. Den var det berre å kjøyre, bomvei kr 40. Det var blitt laga til parering for STIKK UT-samlarar ved sætra. Denne parkeringsplassen var ikkje stor, i tillegg moldete og blaut. Fekk no lurt til den store bilen utan å kjøyre meg fast. Merka sti til Tindan 2,6 km og Hennafjellet 1,5 km, veldig lett å finne fram. 1,5 km er nok veldig kort, GPS viste 2,1 km og då var eg ikkje bort på punktet der STIKK UT-kassa var. Merkeleg at dette ikkje er på toppen, men på ein hump litt lenger nord. Ein bestefar med 2 gutar eg møtte var overraska over at eg ikkje samla STIKK UT. Vel det er så mykje der som ikkje er veldig lokkande. Ein stein, ei rotvelte eller ei fure ser >>>
Halsa: Rodal rundtur
- Date:
- 19.06.2015
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 5:54h
- Distance:
- 21.6km
Parkerte ved bommen i Rodal. Den stod åpen, iflg ein eg snakka med på ei hytte rett oppi veien var denne ikkje blitt låst siste året. På grinda står det "Privat veg". Eg tolkar dette som at den ikkje er åpen for allmenn ferdsel, og forheld meg til det. Veien innover er svært god. Skylaget hang godt nedpå toppane, meldingane var trivelegare utover dagen. Tok av ved kraftverket mot Rodalssetra. Bak siste hytta oppe i hjørnet av stølskvia fann eg ein god sti eit stykke innover. Tok etterkvart av oppover og gjekk nordryggen til Vasslifjellet. Gjekk nordom Litlevatnet til Steinfjellet, vidare sørover til myrane 450 moh sør for Blåvatnet. 350 høgdemeter opp til Grønlifjellet. No var siste skydottane vekk og mot Blåfjellet var det lett vandring i fint ver. På Blåfjellet >>>