Archive - Date
Archive - Activity
-
Climbing (2)
- Alpine climbing (2)
- Other trip (31)
-
Other winter trip (2)
- Snowshoe trip (2)
-
Ski trip (410)
- Backcountry skiing (64)
- Randonnée/Telemark (345)
-
Trip by foot (1077)
- Alpine trip (1)
- Hike (274)
- Hillwalk (772)
- Jogging (2)
- Walk (2)
Collected lists
- Stryn ≥ 50m pf
- Sunnmøre ≥ 100m pf.
- Stranda ≥ 50m pf
- Gloppen PF>50
- Øytopper i Møre og Romsdal
- Herøy ≥ 50m pf.
- Stordal ≥ 100m pf.
- Ørsta ≥ 50m pf
- Ørskoghalvøya p.f. >= 100 m
- Herøy ≥ 100m pf.
- Vestnes ≥ 100m pf.
- Ørskog ≥ 100m pf.
- Sykkylven ≥ 100m pf.
- Møre og Romsdal kommunetopper
- Nordfjord 50m pf
- Møre og Romsdal ≥ 100m pf.
- Møre og Romsdal ≥ 500m pf.
- Rauma ≥ 100m pf.
- Romsdal ≥ 100m pf.
- Rindal ≥ 100m pf.
Favourite trips
Favourite peaks
Eid: Lotsbergstøylen
- Date:
- 22.08.2016
- Characteristic:
- Hike
Vedlikehaldsarbeid på støylen. Selet gjennomgår ei totalrenovering.
Eid: Svartegga
- Date:
- 21.08.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 5:00h
- Distance:
- 9.2km
Rekrutteringstur til lokal topp. Thomas låg i lavvo med familien sin ved Kinna. Vi andre møttest på Lotsstøylen søndag kl 1130 og gjekk veien oppover. Rett før den 3. svingen tok vi av på svak sti innover mot den lisje pytten som heiter Kinna. Her møtte vi dei andre som hadde hatt ei fin natt. Etter mykje halloi og skitprat heldt vi fram vidare mot toppen. Ungane gjekk mykje sjølv oppover mot Svartegga. Stille og fint på toppen, lang matøkt. Returnerte samme veien. Vinjar fekk sove litt i bæremeisen. Lavvo-gjengen hadde ein del arbeid med å pakke saman så vi forlet dei ved Kinna. Turfølgje var Gustav og kona med dei to jentene sine, Thomas og kona med sine to jenter.
Sunndal: Vettafjellet og Vikfjellet
- Date:
- 07.08.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 5:49h
- Distance:
- 15.3km
Status Møre og Romsdal pf 100: 993/1156 Vi hadde overnatta på parkeringa ved veis ende på Svinberget. Ein veldig roleg plass. Stien oppover er lett å finne, startar frå parkeringa, markert med ei raud pil på veiskuldra. Vinjar gjekk sjølv oppover skogen ca 220 hm. Så vart det bratt og vi tok han i meisen. Oppover mot mastene friskna det til med vinden. Lett å finne fram på stien som går heilt til topps. Skreiv oss inn i boka og fann le til matøkta. Så skilde vi lag. Eg skulle plukke Vikfjellet medan Lise og Vinjar gjekk ned til bilen igjen. Ryggen sørover mot Vikskardet er som Otto skriv uryddig. Gjekk litt ned i austsida. Frå skaret ei lita bratt kneik opp mot Nonshaugen, så lett sørover til Vikfjellet. Merka meg nokre store vardar som stod på austsida. Planen var å gå ned >>>
Sunndal/Nesset: Krøshøa
- Date:
- 06.08.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:30h
- Distance:
- 9.4km
Det hadde regna enormt om natta og på formiddagen. Stakk innom Aursjøhytta og kjøpte oss kake og kaffi medan vi grubla på kva vi skulle ta oss til med. Her var det eit internasjonalt miljø, jentene snakka engelsk med amerikansk vri. Worldwide backpacking og silikonpuppar stod på saklista. Vi kjøyrde austover, til der stien til Grøvudalen og Raubergshytta kryssar veien. Skulle gjerne tatt med Bjørnhovda på denne turen men det var heilt uaktuellt i dette veret. Den skal med i eit anna prosjekt frå Geitavollen. Då vart det ein enkel og grei tur til Krøshøa. Vått og fuktig i terrenget, skodde ca halve turen, men regnet slapp vi heldigvis. Lise gjekk først og staka ut kursen med GPS. Kom først til eit par vardar som ikkje var høgste punkt. Gjekk vidare til hovudvarden. Litt usikker >>>
Nesset/Lesja: Midttinden
- Date:
- 05.08.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:06h
- Distance:
- 8.5km
Kom frå Eira Camping i Eresfjord der vi hadde overnatta. Kjøyrde den spennande Aursjøvegen opp frå Finnset. Kr 100 som betalast med kort. Parkerte ved Ytste Seljefonnbekken. Lise gjekk først, eg styra på med Vinjar som og skulle sove litt. Ho brukte drygt 2 timar på dette prosjektet, så var det min tur. Gjekk opp vest for bekken, over eit snøfelt og så vidare rett sørover mot toppen. Lett skodde rundtom på toppane, men såg no litt. På returen fekk eg tlf frå Lise. Ho hadde observert 2 stk som var på spasertur oppover sida. Kva dei ville der er usikkert, men dei snudde ved snøfeltet og tok ei hårete rute nedover nokre sva. Lise satt klar og skulle ringe 113. Eg såg dei når eg kom over kanten, passerte dei på ca 100 meter. Guten først og jenta etterpå akande på rumpa nedover. >>>