Archive - Date
Archive - Activity
-
Climbing (2)
- Alpine climbing (2)
- Other trip (31)
-
Other winter trip (2)
- Snowshoe trip (2)
-
Ski trip (410)
- Backcountry skiing (64)
- Randonnée/Telemark (345)
-
Trip by foot (1077)
- Alpine trip (1)
- Hike (274)
- Hillwalk (772)
- Jogging (2)
- Walk (2)
Collected lists
- Stryn ≥ 50m pf
- Sunnmøre ≥ 100m pf.
- Stranda ≥ 50m pf
- Gloppen PF>50
- Øytopper i Møre og Romsdal
- Herøy ≥ 50m pf.
- Stordal ≥ 100m pf.
- Ørsta ≥ 50m pf
- Ørskoghalvøya p.f. >= 100 m
- Herøy ≥ 100m pf.
- Vestnes ≥ 100m pf.
- Ørskog ≥ 100m pf.
- Sykkylven ≥ 100m pf.
- Møre og Romsdal kommunetopper
- Nordfjord 50m pf
- Møre og Romsdal ≥ 100m pf.
- Møre og Romsdal ≥ 500m pf.
- Rauma ≥ 100m pf.
- Romsdal ≥ 100m pf.
- Rindal ≥ 100m pf.
Favourite trips
Favourite peaks
Nesset: Kalvgjeltinden og Kjøvhaugen
- Date:
- 21.06.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:02h
- Distance:
- 9.9km
Dagens 2. tur. Hadde eigentleg tenkt meg på Kaldberget, men når eg kom over Vistdalsheia og såg desse 2 vart planane endra. Parkerte der ruta til Vasstindbu startar. Her er det god parkeringsplass. Hadde ingen info om bru over elva, så berre trakka meg innover veien. Til mi store glede og lettelse var det bru. Om ein skal til Vasstindbu og elva er stor skal ein bruke denne brua er meininga. Så var det berre å bryte seg opp lia, først i skau og så i god ur. Beina på ganske bra, brukte 1.15 frå parkeringa til toppen av Kalvegjeltinden. 950 høgdemeter. Kjempeflott kveld på toppen. Glei lange parti på snøen nedover mot Kalvgjelskardet. Herifrå lett til Kjøvhaugen. På returen holdt eg høgde bortover lia til eg kom inn på sporet mitt frå oppover. Overnatta på parkeringa.
Nesset: Sultind, Breidfjellet og Jamtetind
- Date:
- 21.06.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:17h
- Distance:
- 9.2km
Dagens 1. tur. Parkerte ved sida av hovudvegen der det er merka Sulgrova og stien til Varghaugen startar. Her er det ok plass til 2-3 bilar. God sti oppover som eg fulgte vestover eit stykke før eg tok av og runda Sulbotn på vestsida. Eit lite parti med tett bjørkeskog oppe i lia, ellers greitt å gå. Oppe i Sulskardet gjekk eg rett opp nokre grasrenner og vidare lett til toppen. Lite besøkt iflg boka i kassa på varden. Skodda som hang nedpå toppane på formiddagen var no bortimot forsvunne og turen vart veldig fin vidare. Frå Sulskardet fulgte eg ei slags renne/hylle litt på sørvestsida av Breidfjellet og kom til toppen frå sør. Vidare snø som eg sprang heilt ned i Breidskardet. Bratt opp her til ryggen på Jamtetind og så lett til toppen. Retur la eg frå Breidskardet og rett >>>
Nesset: Meisalfjellet
- Date:
- 20.06.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 6:38h
- Distance:
- 22.3km
Status Møre og Romsdal pf 100 meter etter eit 8-dagersraid i Romsdal: 947/1156 Etter 3 sure dagar endeleg godver. Overnatta på parkeringa på Meisalfjellet. Fin runde over 5 pf 100 + eit par andre humpar. I hytta på Blåfjellet møtte eg folk. Mor kjende eg igjen frå Facebookgruppa Toppturer i Nordvest. Ho hadde lokka med guten sin på denne fine turen. Ikkje noko vanskar undervegs, greie vegvalg. Etter turen kjøyrde eg til Vistdalsheia og ladda opp til neste dag.
Molde/Nesset: Snøfjellet, Molde pf 100 komplett!
- Date:
- 19.06.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:53h
- Distance:
- 14.5km
Sjølv om det regna godt på formiddagen vart turen heilt ok den. Lite nedbør og vind undervegs. Litt vanskeleg å vite kvar ein skulle parkere, men lurte til bilen mellom infotavla og hovudvegen. Muleg ein kan parkere litt lenger borte ved Bygdatunet. Det er godt merka og lett å finne fram. Kan anbefale denne turen til desse 2 toppane, naturleg å ta begge i eit prosjekt. Snøfjellet vart siste topp i Molde kommune. Storhaugen har eg vore på før, men då var det så forferdeleg ver at eg ikkje såg bort til høgste punktet. Var heller ikkje klar over at dette eksisterte då. For å gjere dette skikkeleg tok eg turen opp på nytt. Greitt å få ordna opp i slike irriterande bommertar.
Nesset: Grønfjellet, Romsdalshalvøya pf 100 komplett!
- Date:
- 19.06.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:46h
- Distance:
- 9.4km
Det var vått og trist når eg parkerte der bomveien til Kvamsetra startar. Ein Stikk Ut-samlar kom nedover veien og eg slo av ein prat med han. Det var nok muleg å kjøyre oppover med bobilen meinte han. Han hadde brukt ca 2 timar på turen. Vel la meg nedpå bak i bilen og sovna. Vakna kl 1800 og kom meg avgarde. Satsa på å gå heile turen. Ved Kvamsetra står det 2 skilt til Skåla. Eg gjekk rett fram, det beste er å gå til venstre der og forbi eit nytt hus som står der. Må no være veldig upraktisk å sette seg opp eit hus der oppe. Her er det stakar som er så lange at det kunne passa meir som brøytestikker på Sognefjellet. Det er god sti til topps, dvs ikkje til toppen men til ein varde der det sikkert er bok. Var ikkje bortom denne, gjekk berre til høgste punkt og returnerte >>>
Molde: Tranhaugen og Eikaberget
- Date:
- 18.06.2016
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 2:03h
- Distance:
- 7.2km
Overnatta i bobilen på Molde Skistadion. Her har vi vore ein del, ein får stå i fred og det er stille og roleg. Hadde sjekka ferjerutene til Sekken og blinka meg ut 0820-ferja. Her går ikkje ferja kvar halvtime! Kjøyrde rundt til sørsida av øya og parkerte der veien startar oppover. Det er sikkert muleg å kjøyre oppover, men heller ikkje langt å gå. Med bobil er det uansett litt verre, og no holdt ein bonde på med traktor og hengar og kjøyrde sand oppover. Det eg ikkje var klar over er at det nettopp er åpna ein ny fjellveg over øya. Denne er kun til fotturar og sykkel. Motorisert ferdsel ikkje aktuellt. Infotavle om prosjektet der turveien startar. Gjekk eit godt stykke etter denne til eg fann god merking til Tranhaugen. Stien var merka med lange flagrande plastband. Enkelt >>>
Fræna: Røssholfjellet
- Date:
- 18.06.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:19h
- Distance:
- 6.2km
Kom frå Sekken der eg hadde plukka dei 2 pf 100 som er på øya. For å fylle dagen hadde eg nokre småtoppar på blokka. Denne har pf rundt 99. Greitt å ta med når ein først er i området. Parkerte på vestsida av veien, her er det stor parkering og infotavle. Prata med eit eldre par som kom ruslande om føret oppi lia. Eg trudde eg måtte gå inn til Såtskaret, men stien går meir rett på Røssholfjellet. Det er merka med store stikker og ikkje muleg å ta feil på veldig tydeleg sti. Kort besøk på toppen før eg sprang nedigjen. Unngikk nedbøren og kom meg vidare til Aukra og Jærmannsburet i tørr forfatning.
Aukra: Jærmannburet
- Date:
- 18.06.2016
- Characteristic:
- Walk
I dag måtte eg leite med lykt og lupe etter noko interessant. 2 pf 99 og ein kommunetopp. Gadd ikkje starte klokka på Jærmannsburet. 0,7 km og nokre få høgdemeter.
Aukra: Eidskremheia
- Date:
- 18.06.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:19h
- Distance:
- 5.4km
No samlar eg ikkje kommunetoppar, men sidan eg manlga berre 4 i M&R var det nok til at eg kunne fylle dagen med denne turen. Tvilar likavel på om den lista blir fullført sidan eg då må ut til Smøla og plukke Ramndalshaugen på 70 m. Ruta opp til Eidskremheia er lett å finne og andre har skrive godt om denne med GPS-spor. Snakka først med karen som budde på nedsida av veien om parkering. Det er ikkje ønskjeleg at folk parkerer langs hekken rett nedanfor der ruta startar, fordi ein då blokkerer for sikta når dei skal inn på veien. Forståeleg nok. Så gjorde han meg merksam på at det no var laga ny parkeringsplass på oppsida av veien berre 50 meter lenger borte. Der kunne eg og overnatte med bobil sa han. Takka og bukka for dette og kom meg avgarde. Skodde og frisk vind på >>>
Rauma: Randsetfjellet og Skåla
- Date:
- 17.06.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:53h
- Distance:
- 7.6km
Hadde overnatta på parkeringa i Rødvenkrysset etter tur med Jan Petter på Tarløysa kvelden før. No var eg overlatt til meg sjølv, planen for dei neste 8 dagane åpen. Sidan det låg skodde nedpå fjella vart valget i dag å starta med 2 gjenståande lave toppar på Rødvenhalvøya. Kjøyrde bomvegen til Landresetra. Her er det god parkeringsplass, kunne og overnatta her men dette viste eg ikkje. Gjekk først til Ransetfjellet. Tok ein rundtur, fulgte veien austover, så inn på stien og over toppen og sti og veg vidare ned til parkeringa igjen. Ny tur til Skåla. Gjekk forbi sætra, så gjennom orkanskog og på god sti til Skåla. Skodde på begge toppane, men slik er det berre. Vidare til Mittet og Skarven/Bolfjellet.