Archive - Date
Archive - Activity
-
Climbing (2)
- Alpine climbing (2)
- Other trip (31)
-
Other winter trip (2)
- Snowshoe trip (2)
-
Ski trip (410)
- Backcountry skiing (64)
- Randonnée/Telemark (345)
-
Trip by foot (1077)
- Alpine trip (1)
- Hike (274)
- Hillwalk (772)
- Jogging (2)
- Walk (2)
Collected lists
- Stryn ≥ 50m pf
- Sunnmøre ≥ 100m pf.
- Stranda ≥ 50m pf
- Gloppen PF>50
- Øytopper i Møre og Romsdal
- Herøy ≥ 50m pf.
- Stordal ≥ 100m pf.
- Ørsta ≥ 50m pf
- Ørskoghalvøya p.f. >= 100 m
- Herøy ≥ 100m pf.
- Vestnes ≥ 100m pf.
- Ørskog ≥ 100m pf.
- Sykkylven ≥ 100m pf.
- Møre og Romsdal kommunetopper
- Nordfjord 50m pf
- Møre og Romsdal ≥ 100m pf.
- Møre og Romsdal ≥ 500m pf.
- Rauma ≥ 100m pf.
- Romsdal ≥ 100m pf.
- Rindal ≥ 100m pf.
Favourite trips
Favourite peaks
Bremanger: Gjegnen
- Date:
- 04.06.2016
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 9:11h
- Distance:
- 24.6km
Dette var nok tidenes finaste tur på Gjegnen. Ein seksar på terningen, sjølv om Geir Arne grein over noke dis rundt oljeplatformene og ein lett trekk på breen. I tillegg møtte vi folk på returen, offameg. Sjølvsagt var det kjentfolk. På Gjegnabu var besøksprotokollen ikkje flittig brukt i 2016, einaste overnattinga var eit par karar, den turen kjenner eg til frå Facebook. Det er klart at Gjegnen frå Hope er best når snøen er smelta opp lia til Lavesteinen. Det betyr sjølvsagt ein del skibæring, men det er først på traktorvei og så ei lita kneik opp lia. Frå Lavesteinen er det ein slak og fin tur, ingen grunn til å bære med seg tungt utstyr. Fjellski er heilt glimrande herifrå. Meir info finst under bilda.
Stryn/Luster: Kvitekoll, Nordfjord pf 100 komplett!
- Date:
- 27.05.2016
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 10:45h
- Distance:
- 40.7km
Stryn pf 100 89 toppar, komplett liste. Nordfjord pf 100 310 toppar, komplett liste. For dei som ikkje skulle være kjendt med eller i Nordfjord, så består regionen av kommunane Stryn (89), Hornindal (29), Eid (34), Gloppen (67), Vågsøy (23), Bremanger (64) og Selje (28). Antall toppar i parentes. Etter gammalt høyrer søre delar av Bremanger til Sunnfjord, men i denne sammenheng får det gå greitt at heile Bremanger er med i lista. Høgste topp: Lodalskåpa 2083 Lavaste topp: Fløyna 101 (Nakken på Gangsøya var tidlegare registrert med 100 m, men nye kart viser at toppunktet er 105.) Vanskeligaste topp: Tindefjell 1776
Skjåk: Skridulaupen
- Date:
- 21.05.2016
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 6:45h
- Distance:
- 19.1km
For første gang i min karriere skulle eg gå ein tur i turlagsregi. Dag Apalseth frå Sandane og eg var turleiarar til Skridulaupen for Midtre Nordfjord Turlag. Oppmøtet på Rutebilstasjonen på Nordfjordeid var ikkje stort, men eit veldig spenn i alder og geografi. Kroksleiven stilde med kona til Gustav, ho er frå Nederland. Ein tysk gut i starten av 20-åra. Ein sunnmøring på 70 og onkelen til Dag som er 65. Vi vart 7 stk totalt. Grått gjennom Stryn kommune, men oppe på Strynefjellet klarna det opp. Kunne ta på skia ved vinterparkeringa sør for hovudveien på Grotli. Gjekk over brua ved Morådalslægret og peila oss inn mot Skridulaupen. Det ser bratt ut opp den breen på nordsida, men den sida legg seg veldig når ein nærmar seg slik det ofte brukar å gjere. Turen var prega av >>>
Skjåk/Rauma/Lesja: Billingen -> Trollkyrkja og Storhøa
- Date:
- 16.05.2016
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 10:30h
- Distance:
- 53.1km
Endeleg fekk eg med bror til Torleiv på ein skikkeleg langtur. Det hadde vore knallharde forhandlingar og rundt midnatt var det brudd i meklingane. Etter at nye tilbod vart lagt på bordet på morgonkvisten var det åpning for Gustav sin lengste skitur nokonsinne. Etter forrige helgs 2-dagers rundt Torsbu hadde eg vel ikkje tenkt meg hit igjen i år. Den blaute snøen då + kalde netter siste veka fekk meg til å lure på om ikkje føret no var legendarisk. Føret var intet mindre enn legendarisk. Hardt og lettgått, litt nysnø enkelte parti, sola fekk varma snøen litt enkelte parti. Vi gjekk for det meste uten feller. Har skrive gode kommentarar til bilda, så skriv ikkje allverden her. Ruta var: Billingen-Vest for Store Føysa- Langvatnet-Nordre Bolla-Trollkyrkja-Storhøa-Sponghøi-Dør-Aust >>>
Skjåk/Rauma: Billingen -> Karihøa
- Date:
- 08.05.2016
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 15:00h
- Distance:
- 60.8km
Denne helga fekk eg med intet mindre enn 2 kollegaer frå Eid Ungdomsskule. Torleiv og Kristian er eit radarpar, til glede for mange elevar. No skulle eg få glede av humøret deira. Møttest på Nordfjordeid 0700, det betyr klar til å gå frå Billingen ca 0900. Parkerte nær hovudveien, der stod det alt 3-4 bilar. Eit par var på vei mot Skarvedalsområdet, dei andre var på Veltdalshytta fekk vi vite seinare. Vi tok på oss skia med ein gong, registrerte at snøen var veldig våt ja. Kryssa brua over Torda 800 moh og gjekk oppover mot Låggøymen. Føret var tungt. Etter litt felleproblematikk vart føret bedre frå 12-1300 moh. Holdt fram over vatn 1370, vest for Låggøymen og heilt nord til skaret mellom denne og Tordskyrkja. Her sette vi igjen sekkane og gjekk lett dei ca 100 høgdemeterane >>>
Sogndal/Leikanger: Ryssebotnrana og nokre til
- Date:
- 30.04.2016
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 7:15h
- Distance:
- 30.0km
Kroksleiven stilde ein mann på dette prosjektet. 8-ferga frå Lote, framme ved Hodlekve halvanna time seinare. Berre eit par bilar på parkeringa, ein annan person var på vei opp trekket. Vi kom aldri i kontakt med han, og såg heller ikkje andre folk annan enn på ruta til Høgehaug. Flott ver då vi starta. Skya litt til etterkvart og mot Blåfjellet og vidare til Synnevaskjer godt blindeføre. 2 bratte parti på turen der vi tok av skia. Først ned i skaret aust for Synnevaskjer, og så ned i skaret mot 1482-toppen vest for Synnevaskjer. Mot Myrdalsbreen letta skydekket og vi fekk flott ver heilt til Ryssebotnrana. Retur frå Myrdalsbreen la vi ned ryggen vest for Trastadalsvatnet. Vi var godt fornøgde med dagen, så dei to lave toppane Helleberget og Reppanipa får stå til ein annan >>>
Skjåk: Søverhøi, 1811, Sekkebreen og Dyringshøi
- Date:
- 23.04.2016
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 10:15h
- Distance:
- 40.4km
Denne turen målte vi fram og tilbake, og dersom ein skal ha med seg alle 4 toppane er utgpkt utosen til Liavatnet det kortaste. Målt på kartet her ca 35 km, anslag 40 km. Høgdemeter 1750 lest ut av kartet, blir vanlegvis litt meir. I tillegg er skogspartiet opp langs ryggen sør for Søvra til å leve med. Geir Arne hadde store planar for laurdagskvelden, quizz på Sjoa. Han burde returnere kl 1600, så for å få i land dette prosjektet måtte vi då starte kl 0600. Vi rekna med 10 timar skulle halde. Eg parkerte den mobile hytta på ein lomme og etter nokre få minutt kom Geir Arne, i ny bil! King Cab-en var skifta ut med ein Terrano. Det vart ein del prat før vi køya. Bortforklaring/tåkelegging av nyinvesteringar på utstyrsfronten. Deretter nedsnakking av eiga ræva form, og opphausing >>>
Førde/Gaular: Rimmafjellet, Førde pf 100 komplett
- Date:
- 16.04.2016
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 6:09h
- Distance:
- 29.3km
Førde pf 100, 45/45, 100%. Årets første komplette liste i boks. Ingen av desse 5 toppane hadde registrerte bestigningar på PB før denne turen. Såg nokre gamle skispor mot Rimmafjellet, men berre ein annan skiløpar som gjekk mot Nystølseggi. Overraskande lite folk. Etter mykje om og men kom eg meg avgarde med 0830-ferga frå Lote. Det vil seie Gaularfjellet 2 timar seinare og avgang rett før 11. Ein bil stod parkert ved brøytestasjonen og det var personen som gjekk mot Nystølseggi. Fulgte spora hans til Skarvevatnet. Spora frå forrige helgs kommunetoppjegerar var enno synlege under 3-4 cm nysnø. Sola varma enormt over vatnet, dette vart ein kjempedag! Runda rundt og vestover opp dalen omlag midt på vatnet. Vidare rundt og opp til trigpkt 1348. Herifrå lett til varden på Skarvedalsbreen >>>
Oppdal: Raudhovden
- Date:
- 26.03.2016
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 2:00h
- Distance:
- 7.0km
Vi parkerte på Grøtsætra, her var det folksomt og stor påskeutfart. Fekk Vinjar på plass i pulken og fulgte løypene så langt som muleg før vi tok av og gjekk rett sørover mot toppen. Eit par bratte parti opp der. Dvs ikkje bratt, men slik at vi måtte være litt obs med pulken i skråpartia. Kom oss heilt fram til varden med pulken, finfint sidan Vinjar då kunne sitte der heile tida. Han hadde duppa litt av undervegs, og var litt betenkt over alle dei nye folka då han vakna. Men så kom Otto med kyllinglua si og Kvikklunsj og då var det berre velstand. Vinjar skratta som vanleg godt når det blir fart på pulken i nedoverbakkane. Tilbake på Grøtsætra var det innom kafeen og kjøpte kaffi og vafler. Vinjar vekkte oppsikt med kyllinglua som han fekk låne.
Oppdal: Allmannberget
- Date:
- 25.03.2016
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 2:04h
- Distance:
- 9.9km
Lise var med Johan og Kristine på Storhornet tidleg på dag, medan eg trilla rundt i byen. Otto hadde blinka ut eit vervindu på ettermiddagen og eg rusla ned til han i firetida. Vi kjøyrde bomveien til Lundsetra/Stølssetra og parkerte på ein bortimot full parkeringsplass. Mykje folk i fjellet ja. Fulgte veien innover Ålmdalen og kryssa elva, vidare veien til endes. Herifrå var det lett oppover på avblåste rabbar. Sol og ein del vind på toppen, skifta bak bua. Etter fotoøkt vart det retur med dårleg stil på fjellski. Møtte ein randokar som var på veg oppover. Heidi ramla på nokre issvullar og fekk seg nok ei blå skinke etter denne turen. Tilbake i Bjørndalsvegen trylla Otto fram ei kald Tuborg. Otto, Inger Lise og søstra til Otto, Heidi, var turfølgje.