Archive - Date
Archive - Activity
-
Climbing (2)
- Alpine climbing (2)
- Other trip (31)
-
Other winter trip (2)
- Snowshoe trip (2)
-
Ski trip (410)
- Backcountry skiing (64)
- Randonnée/Telemark (345)
-
Trip by foot (1077)
- Alpine trip (1)
- Hike (274)
- Hillwalk (772)
- Jogging (2)
- Walk (2)
Collected lists
- Stryn ≥ 50m pf
- Sunnmøre ≥ 100m pf.
- Stranda ≥ 50m pf
- Gloppen PF>50
- Øytopper i Møre og Romsdal
- Herøy ≥ 50m pf.
- Stordal ≥ 100m pf.
- Ørsta ≥ 50m pf
- Ørskoghalvøya p.f. >= 100 m
- Herøy ≥ 100m pf.
- Vestnes ≥ 100m pf.
- Ørskog ≥ 100m pf.
- Sykkylven ≥ 100m pf.
- Møre og Romsdal kommunetopper
- Nordfjord 50m pf
- Møre og Romsdal ≥ 100m pf.
- Møre og Romsdal ≥ 500m pf.
- Rauma ≥ 100m pf.
- Romsdal ≥ 100m pf.
- Rindal ≥ 100m pf.
Favourite trips
Favourite peaks
Vestnes: Sprovstinden, Gjølbotntinden og Steinsmørhylla
- Date:
- 10.04.2016
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 5:00h
- Distance:
- 21.4km
Sunnmøre pf 50, 899/929 Møre og Romsdal pf 100, 917/1154 I dag vart det soloprosjekt. Åsmund ville være saman med familien på tur, Gard høyrde eg ingenting frå. Reknar med han dreiv med restitusjon på veloursofaen sin. Parkerte ved Vegvesenstasjonen og gjekk mot skitrekket. Gårsdagens feite telemarkski/plastsko var bytta ut med smalare telemarkski og Alfa Quest som eg har funne ut passar foten veldig bra. Fulgte trekket oppover eit stykke før eg peila meg inn mot Varguraksla. Ein einsleg randokar låg foran meg i løypa. Han gjekk alvoreleg bra på, og kryssa ikkje ein einaste gong! Frå Varguraksla fulgte eg ryggen enkelt mot Sandtinden og så vidare til Sprovstinden. Her var det to turgåarar som eg slo av ein prat med. Randokaren, ein 62-åring frå Skodje, og Åsnes Nansen-karen >>>
Vestnes: Remmemstinden og Ystetinden
- Date:
- 09.04.2016
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 6:46h
- Distance:
- 14.2km
Helga vart lagt til Hatlane der kollektivkompis frå Voldatida Åsmund bur. Etter ein tlf til ein annan karakter, vart det klart at vi vart 3 på denne turen. Gard har meldt seg på BMI-klassa i årets Skåla Opp og trengde sårt litt kondistrening. Han kunne bekrefte at han var ein smule bekymra for dette motbakkeprosjektet sjølv, noko vi ikkje hadde vanskeleg for å forstå. Gard kom som avtalt kl 0900 i den flotte Honda Accorden sin. Bilen syng på siste verset, og dette skulle bli avslutningsturen. Utan eksosanlegg høyrdest det ut som eit Widerøefly som tok av innover langs Brusdalsvatnet når nåla nådde 5000 omdreiningar. Vi vurderte først sørsida og forskjellige alternativ med alle 4 toppane i rekka nord for Ørskogfjellet. Heldigvis kjøyrde vi til Vestnes og austover til Flate. >>>
Eid: Svartegga
- Date:
- 03.04.2016
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 4:02h
- Distance:
- 14.1km
Eid: Maragjølbakken
- Date:
- 14.02.2016
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 4:30h
- Distance:
- 11.0km
Jølster/Luster/Sogndal: Grensevarden
- Date:
- 28.06.2015
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 5:05h
- Distance:
- 13.8km
Sidan det er vanskeleg å få med folk på skiturar kontakta eg eit sikkert kort, Sunnfjords ivrigaste telemarkkjøyrar Brit Siv Fimland. Ho har 140 toppturar denne sesongen, slett ikkje værst. Ho hadde heldigvis ikkje planar for søndagen, så vi vart eininge om Fonn -> Grensevarden. Avtalen var å møtest på Klakegg og så kjøyre ein bil til Fonn. Kom oss avgarde frå Fonn ca 0930 i strålande ver. Gjekk etter merking mot Tverrdalen og fulgte sommarråsa mot Gallen. Denne måtte vi gå til 900 moh, men vi blinka oss ut ein spennande nedfart der det såg ut til at vi slapp å ta av skia for vi kom ned i botnen. Det gjekk radig oppover med feitaste plankane i utstyrsboda. Gjekk kortaste tenkelege linje mot Grensevarden, kryssing utan høgdegevinst var ikkje eit tema. Kryssa eit skispor >>>
Surnadal: Honnstadknyken
- Date:
- 29.04.2015
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 3:08h
- Distance:
- 14.7km
Denne turen gjekk Lise og eg kvar sin gong. Eg møtte Lise ved bommen til Vindøldalen der vi bytta bilar og Vinjar bytta selskap. Kjøyrde oppover til ca 265 moh, der står det merka til høgre med skilt "Kløvvegen". Parkerte på venstre side av vegen. Tok på ski med ein gong og tråkla meg innover snøflekkar og myrparti. Passa på å halde høgda godt sør for Mausetsetra. Måtte opp ei svinbratt kneik der Lise hadde kjøyrt ned. Rausa utfor ein hammar ein gong. Måtte prøve ein gong til utan ski og sparka meg opp. Vidare lett langs ryggen langdrygt til topps. Det flotte veret som Lise hadde var no litt gråare. Kort pause, signerte i boka. Kjempeflott utsikt i alle retningar, heilt til Tustna og innover i Trollheimen. Bratt og luftig på nordsida ned i Surnadalen. Retur samma >>>
Surnadal: Slettfjellet Kufjellet Langøyfjellet Seterfjellet
- Date:
- 25.04.2015
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 6:49h
- Distance:
- 24.4km
Parkerte ved hengebrua i Vindøldalen ca 300 moh. To bilar for anledningen sidan Lise og Vinjar skulle returnere før meg og Geir Arne. Lise la hardt ut med pulken, avtalen var at eg og Geir Arne skulle ta ho igjen oppi lia, noko som sjølvsagt aldri hendte. Vi gjekk først mot Slettfjellet og plukka den. Eit blikk over Kudalen mot Kufjellet kunne bekrefte at Lise hadde samme høgde som oss og meget god framdrift. Glei ned i Kudalen og gjekk kortaste veien mot Kufjellet. Der møtte vi Lise og Vinjar. God stemning og toppers ver. Meteorologane hadde meldt regn heile dagen, ubegripeleg at ein kan bomme så saftig. Etter mat og foto skilde vi lag. Geir Arne og eg gjekk mot Langøyfjellet. Der møtte vi utflytta surnadaling og no hytteeigar i Vindøldalen, Stig Wigum. Han hadde litt av kvart å >>>
Surnadal: Bollen
- Date:
- 24.04.2015
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 2:17h
- Distance:
- 7.7km
Plukka opp Lise og Geir Arne på Hyllbakkan og kjøyrde til Surnadal alpinsenter. Dei hadde gått runda Vindnebba, Strengen, Syltnebba. Eg var meget rastlaus og valget vart å sjekke ut Vindøldalen og Bollen. Geir Arne var med etter litt handling og ompakking. Ved bomen såg vi Bollen så vidt og det tetta seg veldig til i høgda. Geir Arne kom med trikset "Stein tar aldri feil" Eg valgte handa med stein i, noko som betyr godt ver og suksess. Parkerte der sommarruta over Bollen starta og la i vei. Passerte nokre jervespor som holdt på å snø igjen. Såg lite i snødrevet og sjølv Krokfoten var begynnt å tvile på den steingreia på vei oppover. Nokre minutt før toppen såg vi sola så vidt gjennom skyene og iløpet av få minutt fekk vi ei fantastisk kveldsoppleving på Bollen. >>>
Surnadal/Sunndal: Todalsøra -> Ålvundeid
- Date:
- 21.04.2015
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 6:24h
- Distance:
- 22.0km
Ein skikkeleg god start på dagen med sol og ikkje ei sky. Parkerte på Holmen og fulgte skogsvei mot Hallsetsetra. Tok på skia på ca 300 moh, drakk ein liter vatn og fylde flaska. Gjekk sør for Litlfjellet og rett på Rambjøra. Vidare forbi Botnnebba som eg droppa og mot Vassnebba. Det nyttar ikkje å komme til Todalen og snakke om Grånebba, her heiter den Vassnebba. Sida oppover var eit helsikes dritføre med ei hard isskorpe. Tok på stegjern og slengde skia på sekken dei 300 høgdemeterane opp. Kasse med bok som vart signert. Eit blikk på Viromkjerringa gjorde valget lett, denne blir tatt seinare. Steinete og islagt oppover sida. På vei nedover mot Børsetkjerringa møtte eg lokalkar Finn Børset som eg hadde ein lang prat med. Plukka Børsetkjerringa før eg glei ned rundt Kjerringvatnet. >>>