Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Eid: Svartegga

Dato:
28.03.2014
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
2:45t

Etter skidag med 8. klasse til foten av Sunndalsnipa og Kyrkjefjellet vart veret utover dagen legendarisk. Vel heime på Lotsberg pakka eg telemarkskia og litt niste og kjøyrde til Lotsbergskåra. Utruleg lite snø i år, og dette var første skitur for sesongen! Konstaterte at forma ikkje har kollapsa totalt. Vindstille og fint på Svartegga. Såg mot Snønipa, virka som det var litt disig lenger søraustover. Tanken om store ekspedisjonar i helga må kanskje revurderast. Frå Svartegga svinga eg lett nedover den første bratte bakken mot Gjørva. Nye sko kjendest gollje gode ut. Scarpa T2 thermo kjøpt nye på Finn for 500 kr + frakt. Utruleg kva ein kan finne tak i med litt leiting. I siste bakken før Gjørva small det plutseleg og eg hadde null kontroll på venstreskia. Bittert å oppdage >>>

Luster/Skjåk: Greinbreen og V for Gluggevardholet

Dato:
26.05.2013
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
5:30t
Distanse:
14,0km

Det var godt å legge seg i påsan etter den dryge turen på Lodalskåpa. Jostedalen dag 1 Ingen stress for dagen derpå. Plan: Vangsen. Berre for å sjå kor langt ein kunne kjøyre innover mot Styggevatnet tok vi ein tur vidare innover. Det enda på Viva der vi møtte snø som vi ikkje kom over. Fram med kart og finsikte mulighetene. Resultatet vart Greinbreen 1849 + Sprongdalsløyfti. Fjellski vart bytta ut med telemarkski og vi kunne ta dei på ved veien. Tok av før Sprongdalshytta og kryssa elva på god snø. Bratt opp til Gluggevardholet. Gjekk litt vidare før vi tok bratt opp mot topp 1849 vest for Greinbreen. Merkeleg om den ikkje har eit anna namn. Såg mot Hurrungane og hadde Geir Arne i tankane. Skal tru om han kom seg på Store Austanbotntind i dag? Nedkjøyring til Gluggevardvatnet og opp til >>>

Sogndal/Leikanger: Lusaskard og Skriki

Dato:
27.04.2013
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
6:20t
Distanse:
20,3km

Kom frå Sogndal og tok av på Fardal mot Raunehaug 5,0 km. Tildels dårleg veg oppover dalen, men dette skal det bli endring på no. Folket her "vann" kampen om linja Ørskog-Fardal. Er vel dei einaste eg har høyrt om som ser slik på det. Grunnen er at det blir bygd no 5 m brei veg nesten til Slakkafjellet som skal tåle xxx tonn. Frå siste garden såg vi motorvegen ta form oppover fjellsida. Ein svært pratande lokalkar på Valmet fortalde om vegen og fjella i området. Alltid moro å møte slike folk. Planen var rundtur Fjellsete, Lusaskard, Mjellhaugane, Skriki og nedkjøyring frå siste topp til Mannsverk igjen. Kort skibering før vi tok på skia, gjekk med breide telemarkski med tanke på nedfarten. Eigentleg ikkje spesielt tungt og dessutan utruleg mykje kjekkare nedover. >>>

Kart    

Sogndal: Slakkafjellet

Dato:
26.04.2013
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
2:32t
Distanse:
8,7km

Etter 3 sugande forelesningar om "Den tydelege læraren", "Kvifor gjer Sogn og Fjordane det så godt på nasjonale prøver" og "Matematikkvanskar" var hovudet klart for ein kjapp ettermiddagstur. Møtte Lise (som kom rett frå Stedjeåsen) og kjøyrde til Lereim. Kort skibering opp stølsvegen mot Lereimsstøylen. Frå stølen svinga vi sørover opp nokre bratte kneikar og småkupert til toppen av Slakkafjellet 855. Mykje støy og bråk frå annleggsvirksomhet lenger sør. Den mykje omtala og berre delvis populære kraftlinja frå Ørskog til Fardal skal passere her i lendet. Ellers finfint på toppen, flott utsikt mot gårsdagen fjell og morgondagens fjell Skriki og Lusaskard. Artig nedkjøyring i det kuperte terrenget men angra litt på dei smale telemarkskia >>>

Kart    

Sogndal: Lingesetfjellet og Storehaugfjellet

Dato:
25.04.2013
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
4:07t
Distanse:
17,6km

Vi starta ved flyplassen i lett skydekke, på Kaupanger regna det når vi passerte så litt usikre på veret. Trakkemaskina hadde nok vore til topps før på dagen og det passa oss fint. 30-40 cm nysnø når vi kom oppover litt. Lengst nede rann det elvar over veien så vi fekk bløyte fellene skikkeleg. Då blir det som kjendt klabbar lenger oppe. Nærmare toppen letta det skikkeleg og vi fekk nydeleg påskestemning i solveggen til det store bygget på toppen. Vurderte ei stund å plukke med Storhaugen 1169 men droppa dette. Skiltet på Storehaugfjellet viser Storhogen 1178. Tok av fellene og rende ned til Lingesetevatnet 784. Etter litt labbing bortover ga vi blaffen i fellene. Vi gjekk vidare til Lingsetfjellet utan feller, med tilløp til klabbing. Seier vel litt om vedlikehald av skisålane >>>

Kart    

Naustdal: Bolteheia + 3 nesten100

Dato:
20.04.2013
Turtype:
Randonnée/Telemark

Tur 1. Frå Reiakvam i Naustdal. Ein svært dårleg skitur. Kort skibering opp skogsveien før eg kunne ta på skia. Isete og mykje granbar etter skoging i vinter. Berre å peile seg inn mot Skeisknausen, pf ein plass på 90-tallet. Vind og dårleg skiføre. Hadde blikket mot Heilevangsstaurane og Blegja der eg viste folk var på veg oppover. Skyene hang godt nedpå frå 11-1200 meter. Fekk seinare vite at dei ikkje nådde toppen på Blegja men snudde rett etter Heilefjellet. Glei ned i skaret med fellene på. 200 høgdemeter opp til Bolteheia. Dårleg skiterreng, krattskog og bratt. Måtte til med skibering opp nokre hamrar, for spesielt interesserte. Skreiv meg inn i boka på Bolteheia. ca 10 besøk til no i 2013. Fekk nokre svingar nedover til ein møtte granfelta igjen.....skogsveiploging >>>

Kart     1 kommentar

Eid: Svartegga

Dato:
11.04.2013
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
2:19t
Distanse:
8,0km
Kart    

Eid: Svartegga

Dato:
07.04.2013
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
2:20t
Distanse:
7,9km
Kart    

Jølster: Bjørga + nokre pf > 50

Dato:
01.04.2013
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
6:12t
Distanse:
23,5km

Det begynner å bli langt å kjøyre for å finne nye toppar til dagsturar. Dagens hovudmål var 2 toppar i Jøster 50m-lista. I tillegg eit gjensyn med Bjørga og Storaksla som vi gjekk for nokre år sidan frå Befringsstøylen. Parkerte ved Fossheim Kraftstasjon på Skei. Ein einsleg skiløpar la i veg akkurat i det vi parkerte, han såg vi aldri igjen. På vi oppover skogsvegen vart vi forbikjøyrd av ein lokal kar på traktor med 2 ungar ca 9-12 år som skulle på tur. Dei langa godt av gårde oppover og skulle på noko dei kalla Steinbotnsegga (namnet står ikkje på kartet). Godt å sjå rekruttering i miljøet. Passa på å skryte godt av både faren og ungane. Gjekk forbi Indre Fossheimstøylen og lett vidare over Instebotnvatnet. Vidare sørover mot skaret mellom Høgenipa og 1170. >>>

Kart    

Sogndal: Frudalshesten og Frudalsbreen

Dato:
30.03.2013
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
4:05t
Distanse:
12,2km

Populært utfartsområde for mange topp- og skiinteresserte. Parkeringsplass med skilt om Bratt Moro og parkeringsavgift. Frykta det værste med tanke på folkemengde men vart overraska. Møtte 5 andre på vei til toppen. Ruta er mykje brukt og det var gode spor heile veien. Skispor i svært bratte heng på begge sider av dalen. Pause og mat på Frudalshesten før vi labba mot Skjerdingane 1598. Etter nøye kartstudier vart fristelsen for stor og vi valgte nedkjøyring mot Frudalsfjellet og så bratt ned i dalen. Her bør det være gode forhold! Det var gamle spor ned ei renne, men desse såg vi ikkje før det var for seint. Glei eit stykke nedover i sida før vi fekk eit greitt parti ned. Hardt og skuggevendt nede i dalen. Glei nedover og knota oss ned nokre hamrar ved Tverrelvi. Ein overraskande >>>

Kart