Skåla opp med ny vri!! (13.08.2016)
Geschrieben von Eikås (Janne Eikås)
Besteigungen | Skåla (1.843m) | 13.08.2016 |
---|
Litt spesielle forhold vart det på det 15 Skåla opp løpet, med målgang ved Skålavatnet 1142 moh. 5,7 km og 1125 hm. Eg for min del følte at løpet var noko amputert, sjølv om dei fleste nok tenkte det samme :) Det vart meir eller mindre ein rein spurtetappe opp til vatnet og ferdig løp, den kjekkaste delen av løpet til toppen var utelukka denne gangen. Men sjølv om værgudane hadde laga litt ekstra utfordringar, var folk fornøgde. Stor dugnadsinnsats var gjort for å få dette så bra som mulig etter forholda. Tiltross for amputert løp og håpet om ny personleg pers. er eg strålande nøgd med tid, 2 beste dame i klasse og 12 beste dame totalt. Fin avslutning om kvelden på Alexandra med høgtidleg premieutdeling og ein legendarisk grillfest. Mykje god mat og prat blant likesinna....temaet snakker vi ikkje om! :)
http://www.kondis.no/annie-bersagel-og-stian-angermund-vik-vann-skaala-opp.5897736-127693.html
Benutzerkommentare