Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Tusentrinnstrappa - Gorgehornet, Selje, 517 moh

Date:
28.08.2016

Vi gjekk opp dei 1000 trinna (vi telte 50 og 50!) og opp til Gorgehornet. Ned att gjekk vi ned på andre sida, ned Skorgedalen og kom ned til snuplassen, der vi hadde skyss tilbake til bilen. Med Jeanett.

Map    

Fossane - Torten - Blåsvednyken - Skårhaug, Eid, 909 moh

Date:
23.08.2016

Fjelldag med ungdomsskulen. Flott ver og fin stemning! Vi gjekk stien opp til Fossane, via Tortenholsvarden og Blåsvednyken og ned til Gautevatnet. Der var det ein heil gjeng som bada. Turen gjekk vidare ned til Skårhaugssætra og ned.

Map    

Ossætra - Skipenes, Eid, 422 moh

Date:
22.08.2016

Kveldstur opp til Ossætra og over og ned til Skipenes, deretter ut att skogsvegen til Os. Med Jeanett.

Map    

Gallen, Jølster, 1386 moh

Date:
20.08.2016

Litt vindfull, men fin tur på Gallen i Stardalen, med mamsa og Elin Ly. Flott utsikt til breane rundt og Stardalen nedanfor. Løypa var godt merka (fjelltrimpost der i fjor) og god sti, opp via Tverrdalen.

Map    

Støyvastøylen, Breim

Date:
19.08.2016

Kveldstur med spesielt lys over Breimsbygda! Med mamsa på Støyvastøylen

Map    

Stigane - Fossane, Eid, 630 moh

Date:
14.08.2016
Map    

Gjennom Dalen, Gloppen/Jølster

Date:
05.08.2016

Fin tur gjennom "Dalen" (Myklebustdalen til Veiteberg) med mamsa. Pause ved Skitnevatnet. Stoppa på hytta til tante Turid og drakk kaffi. Som vanleg både skite og vått i råsa, men ok... Plukka molter på myrane før hytta.

Map    

Varden, Breim, 869 moh

Date:
04.08.2016
Map    

Jønshornet, Ørsta, 1419 moh

Date:
03.08.2016

Fantastisk flott rundtur på Jønshornet og ned att via Molladalen :) Gjekk opp via Rametinden og opp til Jønshornet/Ramoen. Fin utsikt heile vegen frå Gamlestøylen - såg til Ålesund og utover havet. På toppen kraup vi gjennom holet og fekk plass til alle tre på toppen! Greit med ei ekstra hand til hjelp eit par stadar (skulle hatt lengre føter og hender..), særleg på veg ned att. Då kom vi antakeleg litt utanom stien, og måtte skråe oss bort att via nokre svaberg/steinhyller... Ned Jønsrenna gjekk det ganske greitt, sidan det var heilt tørt! Men bratt var det!! Veldig flott dal (Molladalen)! Skjønar godt at mange campar i telt her :) Litt av nokre spisse toppar, rundt nesten heile dalen. Brukte totalt 8 timar på heile turen, måtte gå nedover skogsvegen til bilen til slutt... >>>

Map    

Saksa, Ørsta, 1045 moh

Date:
02.08.2016

Vi gjekk frå Urke og opp forbi Bentebu. Måtte innom og sjå på bjørnehiet... Veret heldt seg bra, til vi møtte tåka 10 minutt før toppen. Der opp såg vi berre tåka... Såg ikkje dei to andre toppane dar oppe. Ned att vart det ganske sleipt og gjørmete mange stadar, då det byrja å regne halvvegs nede att. Pga. regnet vart det heller ingen tur oppom Leknesnakkjen, som vi hadde tenkt på nedatturen... Med Anne Tove.

Map