Sunndalsnipa (24.05.2012)
Ascents | Sunndalsnipa (1,396m) | 24.05.2012 |
---|
Opp vanleg rute frå Grøndalen, med broder Gjermund. Ekstremt varmt, ca 27 grader nede.
Vi skiltes, eg gjekk austover frå toppen, for å prøve nedkøyring til Haralddalen i nord. Splitboard. Hadde gått opp her eit par gangar, me stegjarn på skare. No viste det seg å være fin styresnø. Etter sondering til fots var ruta godkjent. Sklei forsiktig ned mot nokre knausar, deretter var det berre å skli vestover og inn i ei flott side. Antar over 45 grader på det brattaste. Resten av nedkøyringa er lett, litt småkupert. Kjekk tur å ha med seg.
User comments