Eidskyrkja (23.03.2013)


Map
Ascents Eidskyrkja (1,482m) 30.03.2013

Vi starta å gå litt før 11 på laurdag 30.03.13. Eg hadde forsøkt meg ein gong før men måtte snu, så eg var motivert for å klare turen idag. Starta bra, og gjekk fort opp bakkane. Litt før breden var bakken isete og glatt, og skia sleit med å finne feste. Det var tungt å gå, men kom oss forbi og vidare opp til breden. Tok ein pust i bakken litt drikke før vi fortsette. Opp breden gjekk vi i litt skygge, men høgdemeterane går fort så vi kom fort i sola igjen. På toppen av breden sette vi oss ned og åt mat og naut utsikta. På toppen var vi ca 14.30. Der tok vi bilete og naut både vær og utsikt ei stund.

Turen ned var ei blanding av fryd og problem. Toppen var fin og renne frå og det var pudder heilt ned til breden. Ned breden var det så hardt at det også var ei enkel sak. Men vidare derifrå og ned til småskogen var dårleg føre og vi brukte lenger tid. Småskogen var kjempefin pudder igjen, så det gjekk som ein leik. Vi kom ned igjen ca 15.30 til bilen.

Eg har lest om denne turen før, og det er beskrive som ein enkel tur. Dette kan eg sei meg nesten einig i, men turen er ikkje nødvendigvis enkel dersom ein ikkje har gått toppturar før på ski. I år hadde eg trena på ein del turar før eg gjekk denne, slik at eg var forberedt på det som kom. Ein flott topp og den er å anbefale til alle som liker å nyte god utsikt.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.