Fylkestopp - Hurdal, Akershus: Fjellsjøkampen 812 moh (21.05.2004)
Bestigninger | Fjellsjøkampen (812moh) | 21.05.2004 |
---|
Fjellsjøkampen 812 moh i Hurdal kommune - høgaste punktet i Akershus fylke. Nok ein kombinert sykkeltur og fottur. I dag ein relativt kort tur. Brukte akkurat ein time til toppen: ein halv time på sykkel, pluss ein halv time å gå opp til toppen. Parkerte bilen der Gjødningsveien starta, og sykla opp til Gjødningssætra der stien til toppen startar. Stien går i skogen heile vegen til topps. Utsikta er nesten lik null, men der står eit gammalt falleferdig tårn på toppen som akkurat stikk opp over trea. Eg tok sjansen og klatra opp, der var utsikta vid over lave, skogkledde austlandsåsar. Litt kjedelig for ein vestlending... Her hadde det gjort seg med skikkelig flathogst, eller nokre kraftige skogbrannar... Men det var ein fin tur. Sol i dag også, men det var kjølig i lufta og iskald nordavind. Det var likevel ikkje verre enn at eg åt lunsjen min på toppen
Kommentarer