Fylkestopp - Oslo: Kjerkeberget 631moh (22.05.2004)


Duration 3h 00min
Distance 35.5km
Vertical meters 794m
GPS
Ascents Kjerkeberget (630m) 22.05.2004

Kjerkeberget 629moh, det høgaste punktet i Oslo. Tre "toppar", tre fylkje, tre dagar.... Med dette er muligens dei minst spektakulære fylkestoppane nådd. Slavasshøgda i Østfold skal eg ta viss eg nokon gong går tom for turmål. Sannsynlegvis aldri.. Dagen i dag var kald. Iskald nordavind. Det starta med overskya vær om morgonen og under ti grader. Etter kvart sprakk skydekket og sola lyste opp mellom skyene. Eg starta sykkelturen på Bogstad, for å få litt bakketrening sykla eg opp til Tryvannstua og vidare til Ullevålsæter. Der var det nok med bakkar, ja. Og det var skikkelig slitsom grusvei med "rullegrus". Frå Ullevollsæter sykla eg langs Skjærssjøen i retning Kikut og forbi Bjørnsjøen, rundt Store Sandungen og til Sandungen gård. Heile tida sleit eg med den kalde motvinden, og eg fekk med meg eit par lette haglbyger på vegen. På Sandungen parkerte eg sykkelen, og traska dei omlag tre kilometera gjennom skogen og opp på Kjerkeberget. På veg opp kom det nok ei haglbyge, men den gav seg før eg kom opp. På toppen sette eg meg på plattingen til hytta og slappa av i sola. Akkurat då gjekk bygene forbi på alle kantar, mens sola skein på meg. Ei svær byge nordvest for toppen pumpa inn kraftige vindkast. Hytta rista og det susa i trea. Til slutt kom den inn over toppen og eg fann det best å ta på meg regnkleda. Men den for fort forbi. Utsikta er ikkje so mykje å skryte av her helder, ein skoglandskapet nordover og austover, mot sør er alt skjult av skogen. So var det berre å traske seg ned igjen. Brukte vel omlag ein dryg time på denne avstikkaren. Den ruta eg sykla frå Bogstad til Sandungen gård var omlag 32km i følge gps'en. Brukte omlag to timar på det. Dessverre hadde eg gløymt turmaten i bilen, so kroppen var ganske tom for krefter då eg sette meg på sykkelen igjen. No håpte eg på medvind og nedoverbakke heile vegen til Sørkedalen, og vidare til Bogstad. Men der vart eg snytt, det vart fleire oppoverbakkar, og ein god del motvind. Det låg ei svær byge i sørvest og sendte vinden oppover mot hovedvindretninga... Eg kunne ikkje anna enn banne heile vegen ned til bilen.. Der hadde tursjokoladen min smelta til ei uformelig glye, men den gjekk ned på høgkant. Alt i alt ein fin tur!!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.