Fylkestopp - Hof, Vestfold: Skibergfjell 633moh (20.05.2004)
Besteigungen | Skibergfjellet (633m) | 20.05.2004 |
---|---|---|
Vestfjellet (634m) | 20.05.2004 12:35 |
Skibergfjell 633moh - Høgastet punktet i Vestfold fylke. Hof kommune. Nok ein kombinert sykkeltur og fottur. Køyrde til Hof, og sykla opp vegen i retning Hajeren. Meininga var å sykle ein rundtur, frå Hof til Gausesætra, og gå derifrå til toppen, for so å sykle ned til Holt rett før Eidsfoss, og so tilbake til bilen langs riksveg 35. Men eg tok feil i eit vegkryss og kom opp til Hajeren ca. 400moh. Stoppa der ei stund og prøvde å finne ut veien vidare... Det vart mykje studering av kart, og sykling fram og tilbake. Dette er vanskelig for ein vestlending som ikkje er vand med å måtte orientere seg i skog og mark. Utan eit einaste fjell, eller fjord å navigere etter. Så eg kasta vekk mesteparten av tida med å gruble over kar eg var, og kar eg skulle sykle. Det kartet eg hadde viste berre nokre få av vegane som fanst der, og nesten ingen av dei få raudmerka, eller blåmerka stiane. Til slutt gav eg opp og sette frå meg sykkelen. Eg fann eit skiløypeskilt som viste vegen mot Skibergfjell og traska i veg i sånn cirka retning. Etter kvart kom eg til ei blåmerka løype som eg fylgde til toppen, via Vestfjellet som er ein meter lavare. Her var utsikta betre også. Men det er ikkje so mykje ein ser... Det er stort sett skog på alle kantar. Ein ser Oslofjorden og nokre vatn her og der. Og i det fjerne kan ein sjå litt større fjell inne i landet. Denne fotturen til toppen var vel omlag 5-6 km fram og tilbake. Eg hadde enno ikkje gitt opp håpet om å finne vegen ned mot Eidsfoss, men til slutt gav eg opp og sykla omlag same vegen som eg kom. Det var i grunnen tilfeldig at eg havna der, no var eg so lei at sykla der det var nedoverbakke... På ein avstikkar eg undersøkte, punkterte framdekket. Heldigvis hadde eg med ekstra slange, så det var fort gjort å fikse. Klok av skade har eg alltid med meg diverse reperasjonsutstyr.. Mens eg holdt på å sykle rundt opp i skauen der fekk eg sjå skogens kongle to gongar. Det er eit flott syn å sjå ein elg bevege seg inne i skogen!! :) Det vart ein lang tur, og alt gjekk ikkje som planlagt. Men eg kom meg opp på toppen, og eg fekk sykla litt. Været var bra, men det bles ein ganske frisk og kjølig nordavind.
Edit 13.07.2016: Det ser ut til at nokon har funne ut at Vestfjellet er det høgaste fjellet i Vestfold. Bra eg var innom både Vestfjellet og Skibergfjellet. :)
Benutzerkommentare