Kommunetopp - Røyken (Buskerud): Villingstadåsen 357 moh (14.03.2004)


Map
Ascents Villingstadåsen (356m) 14.03.2004

Villingstadåsen (357 moh) - Røyken.
Skitur. Nytt forsøk på å nå det høgaste geografiske punktet i Røyken kommune, denne gongen i regn og skodde. Typisk Kollen-vær!!! Sikta var dårlig, ned mot 10m.... Og føret var også dårlig, det var som å renne på sand. Det kom omlag 10cm nysnøv frå fredag til søndag. Men no var det plussgrader og regn. Gjekk fyrst inn til hytta på Herstadheia 343moh, der var so klart ingen servering i dag. Løypa var køyrd opp med scooter, og eg såg skispor etter andre, men ingen folk. Hadde plotta inn Villingstadåsen på GPS'en og sette på GOTO-funksjonen der eg gav opp på torsdag. Fann etter kvart toppen, som berre var nokre småhaugar i skogen. På kartet er toppen merka av som et utkikkspunkt, i dag såg eg berre skodde og skog.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.