Kommunetopp - Modum (Buskerud): Breiliflaka 702 moh (18.05.2004)


Duration 3h 23min
Distance 38.2km
Vertical meters 773m
GPS
Ascents Breiliflaka (702m) 18.05.2004

Breiliflaka (702 moh) - Modum, Buskerud
Kombinert sykkeltur og gåtur til Breiliflaka 702moh. Det høgaste punktet i Modum kommune. Sette igjen bilen ved kraftverket på Dyrbakk. Det ligg ved Tyrifjorden omlag eit par mil frå Sylling i retning Vikersund. Derifrå sykla eg i retning Vikersund omlag ei mil på riksveg 284. Dårlig asfalt og jævlig motvind. Sleit med å hold 20km/t på flatmark, var av og til ned i under 15km/t der det bles som verst!! Ellers var det ein flott dag med sol og brukbar varme. Då eg kom til campingplassen ved Frydenberg, rett før den austlige delen Vikersund, tok eg av til venstre opp grusvegen som blant anna går opp til Abbortjern. Vegen går jevnt oppover til dette tjernet som ligg omlag på 400 moh. Rett før vatnet går det ein veg oppover til høgre i retning Breiliflaka. Denne følgde eg so lenge det gjekk. Eg kom meg vel omlag til Svarttjern som ligg på 560 moh. Derifrå måtte eg gå til fots dei siste 2-3 km til "toppen". Veldig myrlendt terreng. Og sykkelskoa var lite egna til fottur... Så eg var ganske våt! Sjølve toppen var ein liten knaus i dette myrlandskapet. Her på austlandet er her godt med skog, sjøl på 700moh.. Så utsikta var ikkje so imponerande... Men det bar brukbar utsikt over Tyrifjorden og Ringeriket. Eg kunne også sjå innover mot Oslofjordbotn... Då var det berre å småjogge seg ned til sykkelen, og sykle vidare på grusvegen ned Hanseløkka og vidare til bilen. Det var den turen. Flott tur! Men eg brukte ein del tid på å lese kart som vanleg. Vanskelig å navigere i skauen her; det e monge vegar å velgje mellom!! Greit å kombinere sykkel med gåtur og topptur!! Omlag 5-6 km av turen var vel til fots. Til slutt litt dyreliv: på veg opp til toppen støkkte eg eit par storfugl. Og då eg sykla ned igjen heldt eg på å køyre over ein hare!!==Overskrift==

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.