Kommunetopp - Kongsberg (Buskerud): Jonsknuten 904moh (23.05.2004)
Besteigungen | Jonsknuten (904m) | 23.05.2004 |
---|
Jonsknuten (904moh) - Kongsberg, Buskerud
Jonsknuten 904moh - høgaste punktet i Kongsberg. Etter å ha olja plattingar heile denne fine dagen, måtte eg avreagere litt.. So eg bestemte meg for å reise til Kongsberg for å sykle, og gå opp til Jonsknuten. I dag var det strålande sol frå skyfri himmel, og temperaturen hadde heva seg eit par hakk, so det var godt å kunne sykle i shorts igjen. Som vanlig rota eg ei stund for å finne fram. Etter det eg kunne sjå frå kartet, skulle det gå ein veg frå Kongsberg sentrum, gjennom skisenteret, og vidare heilt opp til Knutehytta. Det gjekk greit opp til Hovet og vidare til skisenteret, men vidare derifrå kom eg meg ikkje. Eg prøvde eit par vegar utan å lukkast, so til slutt gjekk eg rett opp skibakken. Rekna med å treffe på vegen lenger oppe. Det såg slik ut på kartet. Det var bratt og tungt å trille sykkelen opp denne løypa. Prøvde fyrst å sykle, men gav opp. Heldigvis traff eg på vegen til slutt. Dette var ein svært bratt veg, meir som ein traktorveg, eller sti. Den har sikkert vore brukt i forbindelse med bergverksdrifta i gamle dagar. Ein vanlig personbil hadde ikkje klart å køyre der. Det var i hvert fall knalltøft å sykle der.... Eg sykla forbi Kongens gruvedam, Granatdammen og Elsedammen. Til slutt kom eg opp til vegen som går frå sølvgruvene heilt nede i Saggrenda og vidare opp til Knutehytta. Denne vegen har bilstandard heilt opp til Knutehytta. Ved hytta sette eg frå meg sykkelen, då hadde eg brukt omlag 1.5 time på dei 15 kilometera. Vidare opp til Jonsknuten gjekk eg til fots. Sykkelsko er ikkje akkurat det beste fottøyet for slikt, men det gjekk greit. Endelig var det litt skikkelig fjellterreng. Lite tre, og meir stein, blankt berg med litt lav på og lyng. Sjølve toppen er heilt fri for tre. Det var nesten som å gå på fjellet heime på Sunnmøre. Slikt gjer godt for sjela til ein utflytta sunnmøring!! Utsikta er brukandes også. Nordvestover ser ein blant anna Gaustatoppen. Televerket har bygt eit voldsomt anlegg på toppen; ei svær mast og taubane ned til vegen. Det er ikkje so fint, men slik er det; det er kjekt med mobiltelefonar osv... Den runda eg tok frå Knutehytta til toppen og ned igjen, var vel omlag 3 km. For å få ei runde også med sykkelen, sykla eg ned bilvegen. Då var det godt å ha på seg overtrekksdressen og hue. Det gjekk so det susa nedover! Vegen var grei å køyre fort på... Dette var ein veldig fin tur, men starten er knallhard! På min veg fekk eg sjå litt av Kongsberg. Dette ser ut til å vere ein fin og trivelig by.
Benutzerkommentare