Kommunetopp - Nedre Eiker (Buskerud): Trettekollen 607moh (26.05.2004)
Ascents | Trettekollen (607m) | 26.05.2004 |
---|
Trettekollen (607moh) - Nedre Eiker, Buskerud
Trettekollen 607moh - høgaste punktet i Nedre Eiker. Eg sykla til Eikesætra og Solvang, vidare mot Glitre og fylgde bilvegen inn til vatnet før Trettekollen. Der måtte eg setje frå meg sykkelen, og traska vidare til fots. Brukte som vanlig litt tid på å finne fram. Her på austlandet er det sjeldant at toppane stikk opp og "seier her er eg"... Ein må leite i skogen, og til slutt fann eg fram. På vegen møtte eg ein elg. Majestetisk skapning! Det var heilt stille, berre fuglesang og tiurleik var å høyre so langt inne i marka. Eg brukte vel omlag 1.5 time på denne rundturen til fots. Sjølve toppunktet er eit lite berg som stikk nokre meter over skogbotnen. Mens toppen røyser seg faktisk ein del eit par hundrede meter over landskapet i kring. Og heldigvis var det litt tynt med skog her, slik at det var mulig å få sjå litt. Det er nemlig få åsar i nærleiken som sperrar for utsikta. Eg kunne blant anna sjå heim til Tranby, vidare mot Vardåsen og heilt inn til Oslo. Trettekollen har fått navnet sitt frå ein langvarig grensestrid mellom Lier og Nedre Eiker... Det vart ein lang tur, og det vart seint før eg kom heim. Eg sykla ned Glitrevegen, og vidare til Sjåstad, der eg kryssa Lierdalen på Åmodtvegen. Kraftbakken var den siste kneika før eg kom heim. Den er bratt, etter over fem mil og 4.5 tima..... Nok ein fin tur!
User comments