Midnattstur på Åbittindryggen (07.06.1996)


Characteristic Ski trip
Duration 5h 00min
Vertical meters 850m
Map
Ascents Blåfjellet i Nesset og Sunndal (1,306m) 07.06.1996
Åbittinden (1,396m) 07.06.1996

På grunn av dårlig vermelding til helga, måtte vi vere sikre på å få prøvd skia denne veka også. Etter ei forsinka avreisa kl 21.30, la vi avstad fra toppen av Meisalfjellvegen kl 22.45, etter å ha reparert BOO sin riva binding. Bortover flata bar vi skia ein del, men så snart vi passerte innerste vatn var skiføret bra, ei stund. Vi steig oss jamnt i litt vind og duskregn. Passerte nokon barflekkar og tok ein matpause før vi litt seinare var oppe på 900 m. Herifra var skiføret elendig, og vi bar skia oppover steinura mot den første toppen. Toppen nådde vi kl 01.15. Her var det ein lengre matpause med innskriving i boka og studering av videre rute. Den første biten ned og bort baud på lett kliving, men vi var raskt nede på eggen og rangla bortover. Dei siste 100 hm var det igjen fint skiføre og 20 min seinare var toppen nådd, kl 02.30. Åbittind er ein relativt rå topp med brear og staup på alle kanter. Vegen ned skulle gå over breen. Først litt ned eggen der vi kom, så ned og under skavlen før vi tok på skia og rennte ned ei 60 graders snøhelling. Vel nede på breen var det å sette seg ned i hockey og holde høgda bortover. Passerte mange ras som gjorde kjøringa noko ujamn, men desto tøffere. Sprekkene byrja å komme fram, men dei var fortsatt fulle av snø. Vi held høgda så godt at skardet på 900 m vart passert uten å gå noko opp. Ned langs elva var føret rått og perfekt for telemark. Bortover flatene gjekk det raskt i dobbeldans, mens sola var i ferd med å stå opp. Da bilen nærma seg, avslutta vi med å hoppe i elva, og nokon minutt seinare, kl 4.00 var vi framme etter 5.15.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.