Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Luftig tur ved Eikesdalsvatnet

Date:
29.09.1996
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
8:00h

Kjørte inn til Vikesetra ein flott haustmorgon med 0 grader og klart ver. Starta kl 9.20 og fann fort ein merka sti. Fulgte den oppover til ca 500 moh. Kryssa så ut til høgre under fossen og vidare mot elva. Steig oss jamnt her og kava noko før vi kom ut av bjørkeskogen. Vidare på venstre side av elva til ca 1100. Her var det matpause i kald vind. Kort tid seinare var vi på beina igjen og steig oss jamnt oppover til høgre. No var vi komne heilt inn i fjellsida. Herifra var det bratt, ikke styggbratt, men mykje snø og is gjorde heile affæren noko tvilsom. Stegjarn og isøks vart tidvis brukt og det var på grensa til taubruk. Sjølv om det var berre 250 hm brukte vi ein time, og dei fem siste metra var meget psykende og alle hjelpemiddel (utenom tau) vart brukt. Da vi endelig kom opp >>>

Map    

Hovsnebba

Date:
22.09.1996
Map