Rykker opp i gradene på Kinsman Notch (10.01.2015)


Characteristic Ice climbing
Map
Visits of other PBEs Kinsman Notch 10.01.2015

Med eit durabelig kuldegyfs over heile New England siste veka var det krystallklart at det måtte bli isklatring denne helga. Alle kræmområda som ikkje har vore inne før i sesongen var no klare som egg. Team Norsk-i-Boston teama opp med Kevin for cragging på Kinsman Notch.

Det første som var klart var at det framleis var kaldt. Ny dunis sørga for bli-ny-dag i Notchen i dag. Varm var den og - bedre å vere varm enn kald.

Vi hakka oss først opp ein slab som stod i WI2+. Eg kjende den nyerverva WI4-sjølvsikkerheita frå før i sesongen boble i meg, og eg gav meg etter det til på ei kort WI4-pillar, som også gikk fint (men som dog gav meg kjennskap til fenomenet Screaming Barfies/Neglesprett).

Kona rista av seg det midlertidige tapet av teknikk som har herja ho tidlig i sesongen, og topptaua søyla på pent vis.

Så tok Kevin oss vidare til indrefileen på Kinsman Notch, nemlig The Beast (WI4+), ei vedvarande bratt og feit gardin. "Dette klarar eg" tenkte eg raskt. "Men eg må gjere det no, før eg psykar ut". Eg vurderte isen etter kanskje ikkje alle, men i det minste nokon av, kunstens reglar, såg meg ut ei linje, og racka opp. Og opp gikk det! Milde mohikaner, dette gjekk jo strålande!

Vel nede proklamerte eg både narsisissme og megalomani, før Kona og Kevin nytta seg av det meget flott etablerte topptauet. Vi topptaua ein rekke variasjonar av veggen før ettermiddagen vart så kald at det frista meir med burger.

Kvar skal dette ende? WI500?

S&D:
Kilarney WI2+
Pot'o'gold Wi4
The Beast WI4+

Moobil-bilder:

kobbenes_img_1557.jpg
kobbenes_img_1554.jpg
kobbenes_img_1569.jpg

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.