Rumney (11.04.2015)


Characteristic Sport climbing
Map
Visits of other PBEs Rumney 11.04.2015

Temperaturen snik seg oppover i New England, og vi fyllte bilen med folk (Meg, Kona, Dan, Drew) og stakk til Rumney i håp om å finne tørr stein. Phil hadde skada skuldra, men han møtte opp som hangaround.

Meldingane sa 15 grader og sol, men litt skuffa køyrde vi inn i overskya, 5 grader og vind. Likevel var det mange bilar på parkeringa og kødanning på dei få rutene som var tørre. Urgh. Etter litt leiting fann vi likevel tørr stein utan alt for mykje trengsel. Sola kom også fram, og etterkvart vart det riktig så koselig.

Høgdepunktet på dagen for min del var onsight av klassikaren Romancing the Stone (5.10c).

Eg og Dan prøvde også på Whip Tide (5.12b) men alle illusjonar av god form vart knust i dei steinharde fullkroppsavstivingane. Og det var jo også voldsomt kor langt det var mellom slyngene på denne ruta. Eg psyka ut i eit stemme-dieder med tynne crimpar. Eg er ikkje van med å dette på sport enda, men her hadde eg ikkje noko val, for å seie det slik.

Med knuste ego rusla eg, Dan og Phil opp mot Jimmy Cliff, ein fin vegg med fleire moderate ruter. Og til min overraskelse såg eg kona drage seg over ei tricky uttopping øvst på klippa. Med tauet under seg!?! Eg har ikkje klart å overtale Kona til ledklatring ute (ho har leda nokon enkle trad-ruter på 5.2-3 talet). Det viste seg at Drew hadde klara å overtale ho til å prøve på Junco(5.8+), ein av Rumneys mange nydelige moderate ruter. Somme tider hjelp det på motivasjonen at andre enn meg oppfordrar, tydeligvis. Og dette gjennomførte ho med stil! Ho har sannelig blitt bedre å klatre det siste året. Eg prøvde ruta etterpå, og det var vendvarande i vanskeligheitsgrad med mykje stemming og laydbacking. Imponert!

Været hadde blitt mykje bedre, og vi avslutta dagen i kveldssol opp den tekniske Lonesome Dove (5.10a). Det hadde kome eit mildt drag i lufta, det lukta vår, vandrefalkar og våkar gleid i lufta over oss og speida etter dei mange ekorna som hoppa mellom steinar og stubbar. Det klare smeltevatnet fossa gjennom Baker River, der beverar svømte dovent rundt. Skogane låg stille og bare, og berre venta på at våren skulle ta skikkelig. Ein nydelig dag!

User comments

  • -
    avatar

    Bad links

    Written by SturlaS 12.04.2015 15:13

    Det ser ut som det mangler en kolon i linkene dine.

    Litt vel hardt å gå fra 5.10c til 5.12b kanskje? Såvidt jeg vet tilsvarer det norsk hhv. 6/6+ til 8-

    • -
      avatar

      Sv: Bad links

      Written by kobbenes 12.04.2015 15:33

      Var vel tenkt meir som eit mogleg prosjekt. Har gått 5.11c ganske greit tidligare og hadde ok forsøk på ein 5.12d sist eg var der, så skal ikkje vere heilt fjernt ;-)

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Bad links

        Written by SturlaS 12.04.2015 15:47
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: Bad links

          Written by kobbenes 12.04.2015 16:07
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.