Mount Monadnock (24.05.2015)
Start point | Dublin Pond (138m) |
---|---|
Endpoint | Dublin Pond |
Characteristic | Hillwalk |
Distance | 14.5km |
Vertical meters | 1,000m |
Map |
Ascents | Mount Monadnock (965m) | 24.05.2015 |
---|---|---|
Town Line Peak (876m) | 24.05.2015 |
Våren har kome for fullt i New England. På slike dagar kan ein ikkje henge svett i ei klippe som offer for alslags blodsugande utøy. Med sjokkerande få peakbookelement registrert hittil i år var det på tide å kome seg på fjellet!
Men så var det å finne fjell då. Vi hadde sett noko som likna sist gong vi besteig ein Massachusettsk ås. Det viste seg å vere Mount Monadnock, visst nok verdas mest besøkte fjell (det er jo alltid noko). Men fjellet såg fint ut det, og vi bestemte oss for å gå dit.
For å unngå folkemengdene og for å få ein litt lenger tur satsa vi på Pumpelly Trail. Det skulle vere 9 miles t/r, og såg ut til å følge ei pen egg. Det var ikkje mykje folk, og særs behaglig temperatur. Etter kvart som vi kom opp på egga var det av det bedre vi har opplevd i New England. Fjellgåing i desse trakter går stort sett ut på å rote rundt i tett skog utan utsikt. Men her var det både bar stein, open skog og utsyn til nord, aust og vest. Milde måne.
Etter kvart byrja vi å høyre larm og ståk framom oss, noko som vi tolka dithen at toppen var nær. Det var riktig. Vi gikk forbi fleire meir eller mindre utrusta lag, som eg imponerte med lett hopping frå stein til stein (oh, that's amazing), før vi toppa ut i eit folkemylder av pent kledde inderar (nok ein gong), barnefamiliar, og turgåerar med utstyr nok til ein solid vinterstorm.
Utsikta var meget pen. Etter ein halvtimes chilling og skjever i sola fikk vi lyst på is og tusla nedatt.
User comments