Trekkfullt på Glitteregga (28.03.2016)


Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 3h 00min
Vertical meters 900m
Map
Ascents Glitteregga (1,297m) 28.03.2016
Visits of other PBEs Randabygd idrettsanlegg parkering (405m) 28.03.2016

Innmari lite finevær i påska gitt. 2. påskedag hadde gode meldingar, og eg og Kroksleiven la mektige planar. Men for kvar dag som gikk vart meldinga dårligare. Til slutt stod vi berre att med eit oppholdsvindu med kuling mellom 8 og 13 mandag formiddag. I slikt vær får ein jobbe på uværslista - Eid pf 100. For å bøte på det dårlige været bevilga vi oss litt skikkelig primærfaktor-porno i dag: Glitteregga.

Einaste bil på parkeringsplassen i Randabygda litt før 9 om morgonen. Opplett og vår i lufta, vi trakka oss opp roten påskesnø på vestsida av djupegrova. Kom så opp i hardt og lettgått terreng som vi fulgte radig i retning skaret mellom 1278-punktet og toppen.

kobbenes_20160401_56feda82090f8.jpg

Eg hadde gleda meg til utsikta frå toppen, men her var det mykje trekk, gitt. Vi småbarnsfedre veit jo at få værfenomen er så lumske som trekk, og her var trekken så sterk at tilogmed Kroksleiven fekk problemer med å fote seg. Bokinnskrivinga og toppfjellfiane vart sløyfa. Vi staka oss ned i skaret att der vi tok av fellar, tok nokon kjappe fjellfies, før stålkantane fekk køyrt seg på knallhard snø dei neste par hundre høgdemeterane. Ingen skredfare å snakke om i alle fall.

kobbenes_20160401_56feda6d2ae3f.jpg

I lia ned mot skogen stoppa vi for ei skjevepause - den vesle sola som var måtte jo utnyttast. Men også dette vart noko trekkfullt, og vi fortsatte raskt ned vedvarande dritføre i småskogen.

kobbenes_20160401_56feda77a6657.jpg

Deilig å kome seg ut, særlig når ein har fjellet for seg sjølv! Takk for turen, Torleiv!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.