Buldrehelg på Harbak (09.04.2016)
Visits of other PBEs | Harbak | 09.04.2016 |
---|
Våren er i emning, og med den kjem trekkfuglane til Trøndelagskysten for å nyte fineværet. Så også Arve, og vi slo til med eit forsøk på utendørs familie-buldre-helg på Harbak.
Bilen vart pakka full av pads, barnestæsj og klatreutstyr. Den ferske småbarnsfaren leid moglegeins av ein smule overkompenseringssyndrom i forventningane om kva desse to dagane skulle bringe.
Etter å ha bunkra øl og sportstape i Åfjord sjekka vi inn på Edmundgården. Ypperlig overnatting med rimelig pris og hyggelig vertskap 10 min gange frå buldringa.
Så bar vi paddar, gut og heile spetakkelet opp i hula, der magien skulle iverksetjast. Harbak er hardt, og Harbak-sjokket slår deg alltid når ein ventar det som minst. Eg prøvde litt på Små muser (Harbak 6c=7a) som eg har gått før, men fikk ikkje til betaen. Vi prøvde også på nokon andre 7a'ar i hula utan veldig stort hell. Mari støta bra på nokon ruter på lunchplattingen.
Eskil var lite imponert over det heile, og beslutta at han ikkje ville sove lenger, men heller ha mat heile tida. Så det vart vidare litt avgrensa buldring for Mari sin del. Eg og Arve forsøkte oss på Høygaffel (7b+), Harbak si "moderate svenneprøve i krimping", der eg kom meg av starttaka og fikk fatt i neste harde sidekrimp. God stemning! Dette blir prosjekt for sesongen!
Kvelden kom med taco og røvarhistorier. Blikket gleid rundt på dei høge granittveggane som uklatra omkransa Harbak. Tenk om...
Neste morgen var det nydelig vær og fullt av folk på buldringa. Men Eskil fann raskt ut av nok var nok, og nekta plent å vere med på dette klatretullet. Vi hadde jo ein plan om å sjå ut som ein laid-back klatrefamile, men det kunne vi berre skyte ei lita pil etter no. Mari rusla til rorbua medan eg og Arve støta på ruta med det hyggelige navnet "Sæd i sluket" (7b). Det gikk overraskande fint. Eg gjekk alle flyta, men det var for tungt å setje saman. Denne ryk med litt trening!
Etter lunch på rorbua trilla eg Eskil medan Arve og Mari støta. God tid til å kike på dei store veggane som strakk seg på alle kantar. Er der nokon riss, skal tru? Nokon formasjonar? Racket hang ubrukt på rorbua – buldring er nok mest praktisk som familieaktivitet. Men tradklatring kan ein gjere til ein er gammal.
På veg heim vart det bilfest med rislunch og slankeøl til dei store passasjerane, og melk til dei små. Jammen rakk vi ikkje ferga også.
User comments