Skaun: Våttån - Eskil sin første pf100 (14.04.2016)
Ascents | Våttån (445m) | 14.04.2016 |
---|---|---|
Visits of other PBEs | Skagset p-plass (310m) | 14.04.2016 |
Eskil hadde no passert den modne alder av 3,5 månedar. Som far og omsorgsperson var eg skamfull over at han enda ikkje hadde besøkt eit pf>100-punkt. Eg leita litt i Trondheim sitt nærområde, og fann Våttån som visst nok både hadde pf>100 og flott utsikt.
Eskil vart tanka opp, og vi hoppa i bilen. Vi fann raskt vegen, som var svært godt merka, og junior vart plassert i bæreselen. Han sovna heldigvis rimelig kjapt, og eg rusla opp traktorveg og sti ein halvtimes tid til toppen.
Der skreiv vi oss inn i boka, Junior glippa litt med augene, men verka ellers upåverka av utsikta over Trondheimsfjorden. Du må spa opp ein bedre tind enn dette om eg skal bli imponert, Pappa (zzzzz). Eg var frista til å seie meg einig. Pf>100-samling i Trøndelagen virkar som eit mindre interessant prosjekt. Ein lev tross alt berre ein gong.
Vi vende snuten mot sivilisasjonen.
Når neste generasjon kjem til kjem jo også dei store spørsmåla. Ein får tid til å tenke på desse i naturen: skal Eskil få eigen peakbook-konto (Vinjar-modellen)? Eller må han vente til han kan gå sjølv, og sjølv må vinne sine toppar (Linn-Therese-modellen)? Gamle barndomsminne velta opp. Etter å ha vunne barneklassa i Hødd Fjelltrim i 4 strake år vart eg som 8-åring slått av ein 2-åring som hadde blitt bært opp alle fjella. Dette sit i både meg og min far. Det at Eskil no hadde sove seg gjennom heile si første tindebestigning tala heller ikkje til fordel for eigen konto. Nei, Eskil må gå sine eigne skritt. Så får han heller få ein GSM-konto til 4-årsdagen.
Vel tilbake til bilen vakna han så vidt, trur ikkje fjellet gjorde det store inntrykket. Vel, han fann jo forsåvidt roa. I forbifarta rakk han og seie si ærlige meining om Børsa før det bar tilbake til Trondheim for bleieskift.
Kommentar i ettertid: Det er forsynemeg berre pf>100-toppar i Skaun kommune! I desse kommune-reformtider skal ein være meget forsiktig så ein ikkje går på ein smell, men dette er lavthengande frukt!
User comments
Fornøyelig turrapport!
Written by Nils 14.04.2016 22:27Herlig turrapport Kristian! :-)
Når det gjelder dine tanker rundt konto for småen, så er jeg enig i hvordan du tenker i din turrapport. Jeg har selv satt den regelen at barna mine må ha gått turen selv. Ihvertfall vært istand til å ta sine egne skritt og gjort mesteparten av jobben selv. Jeg har to jenter, og hun minste (som nå er 8 år) bar jeg på en del turer i bæremeis da jeg hadde pappaperm. Disse turene har jeg ikke registrert på hennes konto ennå (ligger litt etter skjema her...). Etter hvert registrerer jeg nok selve turene på henne, men ikke bestigningen. Det føler jeg blir feil. Ellers hadde fristelsen for å booke en snøscooter en gang å feie over 50 topper en dag vært for stor... ;-)
Du kan jo gjøre mellomtingen. Legge inn turene, men ikke bestigningen. Da får du med alle turene han har vært med, og når han kan gå selv, får han bestigningene også. ;-)
Sv: Fornøyelig turrapport!
Written by kobbenes 14.04.2016 22:38Hei Nils, takk for tilbakemelding. Eg har aldri fått så mykje kommentarar på ein rapport før, så her har eg kanskje treft ein nerve ;-) Mange fedre har tydeligvis hatt tid til å tenke i sine vandringar i fjellheimen!
Som det vart sagt tidligare så er jo dette smak og behag - alt ettersom ein ser på peakbook som ei minnebok eller som ei liste av bestigingar. Kva som skal gjelde som ei bestigning kan ein jo diskutere i det uendelige. På ei klatrerute må ein jo setje sikringane sjølv om det skal gjelde.
For min del går det eigentlig litt for det same med Eskil. Eg heller litt mot at han ikkje skal registrerast, men det har meir med at eg vil vere forsiktig med eksponering på nettet.
I det ungane blir store nok til at dei har ein eigen oppleving av kontoen sin - skrive rapportar, samle lister etc. så er det jo ei anna sak. Før det så støttar eg ein tidligare talar: det viktigaste er at ein kjem seg ut :-D
Sv: Sv: Fornøyelig turrapport
Written by Nils 14.04.2016 23:04He he, ja det er vel hovedpoenget, at man kommer seg ut på tur. ;-) Og når han blir så stor at han har en egen oppleving av kontoen (som du sier), så kan han jo bare kopiere turdataene dine fra de turene han har vært med på. ;-)
Missing title
Written by ligroenb 14.04.2016 21:28Og heldigvis er det ingen poengsanking på Peakbook heller av det jeg kan registrere ;-) nei, gi guten en konto, kjekt å følge med :-)
Sv:
Written by kobbenes 14.04.2016 21:30...ja no byrjar eg nesten å lure om han bør få seg ein konto allikavel.
Refleksjoner og smilebånd
Written by mortenh 14.04.2016 21:24Takk for en herlig rapport, noen muntre refleksjoner. Du fikk smilebåndet til virkelig å strekke seg seint en torsdagskveld. Hver får velge sine modeller, men jeg tenker at alle modeller som ender i tur på en eller annen måte, må være gode modeller!
Sv: Refleksjoner og smilebånd
Written by kobbenes 14.04.2016 21:28Takk for det! Som nevnt til førre kommentar var diskusjonen om modellar utelukkande humoristisk meint!
Sv: Sv: Refleksjoner og smileb
Written by boven 14.04.2016 22:02Kan fortelje at ein kar på Lote fekk diplom for å ha kjøyrt traktor kvar kveld til Høgefjellet etter å ha mjølka kyrne på fellesstøylen. Han stilde opp i fin stil i grendahuset og hausta heder og ære ved diplomutdelinga!
Sv: Sv: Sv: Refleksjoner og sm
Written by kobbenes 14.04.2016 22:10Ja nettopp. Der har du det.
Skuterkøyring vert jo også rekna som gangbar mynt i mange miljø. Eg har gjerne lyst å registrere ramponeringa mi på peaker'n.
Stor idrett, heia Eskil!
Written by boven 14.04.2016 21:10Folk registrerer bilturar til fjelltoppar, det står det mindre respekt av enn å bli bært etter mitt skjønn. Vinjar-modellen er kjekk for foreldrene iallefall, om ikkje han har noko glede av den. Det kunne imidlertid vært fint med eit par alternative turtypar, feks bæremeistur, pulktur, trilletur osv.
Sv: Stor idrett, heia Eskil!
Written by kobbenes 14.04.2016 21:28Håper de tok dette som eit humoristisk innslag, eg har stor respekt for Vinjar-modellen. Eg har fulgt Vinjar sin konto tett for inspirasjon til eigen pode :-) Ellers heilt einig i biltur og registrering. Eg har sjølv registrert ein biltur, men eg likar det ikkje.
Sv: Sv: Stor idrett, heia Eski
Written by boven 14.04.2016 21:38Ja dette tok eg veldig humoristisk og flira godt i skjegget her.
Sv: Sv: Sv: Stor idrett, heia
Written by waaktaar 16.04.2016 12:48Kjører "gått-sjøl-modellen" på mine unger, men synes ikke det er rart med andre modeller. Det viktigste er vel å være mye ute!