Orkdal: Vargheia med Eskil (12.07.2016)


Characteristic Hike
Duration 1h 48min
Distance 5.5km
Vertical meters 537m
GPS
Ascents Vargheia (611m) 12.07.2016
Visits of other PBEs Kvernamoen p-plass (250m) 12.07.2016

Eskil hadde lenge masa om at vi måtte kome oss på nokon av dei fine kysttoppane i trøndelagsregionen. Presset vart ikkje mindre etter myrfadesen på Kjerringklumpen tidligare i vår. Sidan pappapermen nærmar seg med små og store skritt nytta eg mi akademiske friheit (og svært lite å gjere på jobb i dag) til å iverksette ei lita pappaperm-generalprøve: Mamma stakk på kafé, og vi to andre pakka sekken med retning for den tøffe heia (?) Vargheia.

Første hindring var at eg gløymde bæreselen, og eg fekk ikkje snu før Tiller. Men SÅ var vi på veg.

No var det berre for Eskil å ta formiddagskvilda si i bilen. Dette var ikkje heilt rett fram, og etter to stopp før Orkdal var vi i mål.

kobbenes_20160712_57852b371ba09.jpg

Så på plass på Kvernamoen parkeringsplass 1 time og 45 små minutt etter at vi gjekk ut døra. Her vakna sjølvsagt Eskil, men no var det god stemning opp fjellsida. Vi stoppa for både frosk, bjørk, eine og gran. Stien var særst godt merka. Litt blautt her og der. Etter 1 time i behagelig terreng var vi på toppen.

kobbenes_20160712_57852afdc5b37.jpg

Her fekk Eskil leike litt med høgfjellsterrenget, medan eg såg litt på den flotte utsikta. Mor ringte og sa ho ikkje ville ha me-time-deluxe lenger. Då eg sa vi nett hadde kome på toppen bleikna ho litt i andre enden av linja. Det var altså på tide å trekke heimover.

kobbenes_20160712_57852b595d36a.jpg

Vegen ned er som kjent alltid kjedeligare enn vegen opp, og Eskil kvitterte med å sove heile vegen til bilen. Her vanka det mat og bleieskift frå Pappa som håpa på roligare forhold på tilbaketuren.

kobbenes_20160712_57852b7787d12.jpg

Det kunne han berre drite i. Ny pause på Øysand med litt leik før vi returnerte til redet.

Konklusjonen er: tur er bra medan bil er noko meir problematisk.

Start date 12.07.2016 12:59
(UTC+01:00 DST)
End date 12.07.2016 14:47
(UTC+01:00 DST)
Total Time 1h 48min
Moving Time 1h 31min
Stopped Time 0h 16min
Overall Average 3.0km/h
Moving Average 3.6km/h
Distance 5.5km
Vertical meters 537m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.