Eid pf>100: Trollenyken (21.09.2016)
Start point | Skipenes (25m) |
---|---|
Characteristic | Hillwalk |
Duration | 3h 47min |
Distance | 6.8km |
Vertical meters | 866m |
GPS |
Ascents | Trollenyken (898m) | 21.09.2016 11:36 |
---|---|---|
Visits of other PBEs | Skipenessætra (520m) | 21.09.2016 13:49 |
Team pappaperm herjar vidare gjennom Eidalista. I dag stod ein skikkelig motbakke på plakaten: Trollenyken byr på 3,5 km luftlinje og 850 høgdemeter. Sonen sovna etter eit kvarter, og då var det berre og trakke på for å kome så langt ein kunne før han vakna.
Kjekt med denne appen der ein kan følge høgdemeterane. Det gikk radig oppover på god sti, vi passerte Skipenessætra etter omlag timen, og deretter gikk det relativt fort til topps. Eskil vakna rett før toppunktet, så det var godt tima. Halvannan time på 850 hm med 15 kg på ryggen synest eg i grunnen var ganske bra! Verdas rausaste pappaperm er tydeligvis godt nytt for forma!
Veldig flott utsikt frå toppen, både innover mot Trollevasstinden og Sunndalsnibba, mot Sandane, over til Skjærdalen og Hyen, og utover mot Ålfoten og Nordfjorden. Anbefalast som utsiktstopp!
Men det var litt kaldt her oppe, så etter litt mat og drikke jogga vi nedatt. Ein liten trivselsstopp i solveggen på Skipenessætra for å leike litt, ete litt, og varme seg i sola, før vi sprang skogen nedatt.
User comments