Orkdal: Rabbolen (21.10.2016)


Start point Husdalen p-plass (150m)
Endpoint Husdalen p-plass
Characteristic Hillwalk
Duration 2h 00min
Distance 4.0km
Vertical meters 370m
Map
Ascents Rabbolen (518m) 21.10.2016
Visits of other PBEs Husdalen p-plass (150m) 21.10.2016

Listetopp med flott vestvegg og pirrande primærfaktor i Orkdal. Eg og Eskil tok turen. Ganske kaldt på parkeringa, så junior vart pakka godt inn.

Den store vestveggen måtte studerast nøye med kikert før avgang. Klatrebar skal tru?

Veldig godt merka sti, men bemerkelsesverdig bratt stiføring opp mot topp-platået. Vel oppe var det nydelig turterreng og flott utsikt.

45 minutt opp med ca 15 kg på ryggen. Diverre ein kald trekk på toppen, så vi snudde rimelig raskt for å holde varmen i store og små. Eg tar gjerne turen i bedre vær, for her var det fin utsikt!

kobbenes_20161021_580a820292e64.jpg

Ein liten rast ved Rabboltjønnin med litt mat og drikke før det gikk kjapt nedatt. Humøret i meisen gjekk like raskt nedover som stien, men ingen ting hjelp som å kome seg ut av meisen og leike litt. Slutt med den kikerten då, Pappa! Må du stå å sjå på den veggen?

kobbenes_20161021_580a824b72c7b.jpg
kobbenes_20161021_580a82a204959.jpg

Vel vel, kjekk tur på kjekk topp!

User comments

  • -
    avatar

    Kikkert!

    Written by SturlaS 22.10.2016 10:26

    Fant du noe som kunne ligne ei klatrelinje opp vestveggen?

    • -
      avatar

      Sv: Kikkert!

      Written by kobbenes 22.10.2016 11:29

      Ja sei det. Ingen store klare strukturar sidan fjellet er så blokkete. Også usikker på fastheita og sikringsmoglegheitene - det var ikkje så lett å sjå gjennom kikerten. Trur det må rappellering til

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Kikkert!

        Written by SturlaS 22.10.2016 18:04
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: Kikkert!

          Written by kobbenes 22.10.2016 18:44
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.