Roppehornet via Måsegylet (28.12.2013)


Start point Fløstranda (15m)
Endpoint Fløstranda (400m)
Characteristic Hillwalk
Duration 2h 00min
Vertical meters 400m
Map
Ascents Roppehornet (412m) 28.12.2013

Regn og atter regn på Sunnmøre. Kva skal ein gjere med slike juleferiar? Kanskje klatre opp Måsegylet? Ei renne eg har sett på sidan mine barndomsår.

Westcoastpeaks beskreiv renna med eit crux som måtte klatrast (http://westcoastpeaks.com/Peaks/roppehornet3.html), så Erlend og eg heiv tauet i sekken, og lurte oss ut frå familiehyggen for å riste av oss julefeittet med litt lavterskelalpinizm.

Vel oppe med cruxet såg vi at grasbakken skulle vere greit klyvbar. Men vi fikk lyst å klatre diederet, som kanskje var 5-6 meter langt. Det var ikkje særlig bratt, utan vertikal og lite eksponert (kanskje grad 3), så tauet låg i sekken. Men det var sleipt og glatt, så vi slengte ut øksene og drog oss gjennom i god alpinizmus-stil. Litt puls måtte jo oppdrivast på det som liksom skulle vere lavterskelalpinisme-tur.

Vidare var det grasbakke til toppen, og nydelig utsikt over ytre søre sunnmøre, Runde, nordøyane etc. i fint desemberlys. 400 meter under oss snirkla vegen seg, så litt bratt hadde det jo vore.

Den største utfordringa er å ikkje løyse stein då det både er veg og ein mykje brukt tursti rett under renna. Ellers er det ingen problem å gå Måsegylet om ein er van med enkel klyving. Riktig så fint, tilgjengelig og passe villt.

kobbenes_1510541_10152073861810380_1862206698_n.jpg
kobbenes_1525776_10152073790380380_1076641242_n.jpg

User comments

  • -
    avatar

    Hmm...

    Written by arntfla 22.06.2015 21:02

    Du får det til å høres lett ut ;) Grr...

    Men - det er litt annsleis når det er vått for en som måtte venne seg av med galopperende høydeskrekk i voksen alder...

    • -
      avatar

      Sv: Hmm...

      Written by kobbenes 23.06.2015 00:40

      Tykte ikkje det var verre ein klogylet. Sikker på det ikkje var dagsforma?

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.