Uttesting av høgdeeigenskaper på Arapaho Peaks (10.07.2014)
Start point | 4th of July Trailhead (3,078m) |
---|---|
Characteristic | Alpine trip |
Duration | 9h 00min |
Vertical meters | 1,100m |
Map |
Ascents | North Arapaho Peak (4,117m) | 10.07.2014 |
---|---|---|
South Arapaho Peak (4,083m) | 10.07.2014 |
I New England er det som kjent ikkje fjell. Men i Colorado er det visst nok fjell, så årets sommarferie er to veker i klatre og fjell-mækkaet Boulder.
Første dag i Boulder ville vi teste trad-eigenskapane. Kona var keen på meir leding, så etter konsultering med ein lokal trad-nisse byrja vi opp ei enkel tolengders rute på Castle Rock. Kona leda djervt opp ei kort førstelengde, før eg kjekt hadde sett meg ut eit frekt utspring lenger oppe. Men utspringet var altfor frekt, og eg havna fullstendig av ruta, runout med ein fotballstor laus stein i fanget. Eg fekk satt ei sikring, pendla meg over til trygg grunn, og tatt opp kona. Men vi hadde ikkje kome halvvegs opp denne enkle nybyrjar-ruta, og her på standplassen (som forøvrig var meget pen, dagens høgdepunkt) byrja det å samle seg tordenbyger. Desse tordenbygene skal jo vere så farlige, så vi heiv oss rundt å bygde eit alpine-style rapell-anker og kom oss ned i ein fei. Og nettopp: to timar seinare lyna og tordna det. Men kjennest liksom litt godt å kome til det nivået at ein må improvisere og slikt også.
Men til gjengjeld fikk vi rikelig med tid på den lokale superbutikken Neptune Mountaineering, der ei kjekk lita fjellgeit gav oss rikelig med tips om områdets potensiale. Amerikanaren er oppteken av å kome seg over 14000 fot, men 4267,2 meter er jo eit fullstendig ulogisk tal å måle fjell etter. Då gir 4000 meter mykje meir meining, og på fjell mellom 4000 og 4267,2 meter er det ingen amerikanarar. Så vi beslutta å gå på North Arapaho peak (4117 meter).
Klokka 6 dagen etter var vi på 4th of July trailhead (trailhead: amerikansk for "der stien byrjar"). Vi oppdaga raskt at dette med tynn luft hadde noko for seg. Så vi traska rolig opp god sti mot Arapaho Pass. Etter 3 miles (1t) tok vi av til Arapaho Glacier trail, fulgte denne opp til skuldra til South Aapaho Peak, og byrja opp ryggen mot South Arapaho Peak. Her byrja låra å bli rare og pusten å bli tung, men kl. 9.30) stod vi på sørtoppen, med meget pen utsikt. Her tok vi ei matpause og naut den sinnsjukt gode tida vi hadde.
"Eg har eit forslag" sa eg til Kona. "Vi legg att sekkane her, også går vi til Nordtoppen". Det var ein 0.7 miles travers i kupert klyveterreng. "Dette går kjapt". Men rundt oss luska innpåslitne gnagarar på storleik med huskattar, og dei var tydelig interessert i maten vår, så vi enda heldigvis opp med å ta med sekkane.
Vi rusla bortover egga, og det var ikkje like enkelt å finne stien alltid. Ting var dessutan eksponert, og i tillegg oppdaga eg at Kona byrja å bli noko kvalm og svimmel grunna tynn luft. Heldigvis viste det seg at ho kunne klyve som ein røyskatt (ei røyskatt foreslår Kona). Sjølv fekk eg eit tilbakefall av gammal høgdeskrekk over den smalaste delen av ryggen, og måtte minne meg om at alle timane på jobb brukt på å lese peakbook-rapportar var jo nett med tanke på at eg kunne gjere dette sjølv ein dag.
Nett når det såg som mørkast ut der Kona stod å svima på nokre eksponerte sva såg vi vegen til toppen. Det var kort og morsom klyving opp ei renne, og vidare til eit pent topp-platå med den største varden i The Front Range (!!!¡¡¡¡¡). Etter litt sjokkis og high-fives tok vi oss tilbake. Vi var tilbake på sørtoppen ca kl. 12. Det hadde gått veldig dårlig om vi skulle lagt att vatnet der.
På sørtoppen møtte vi to lokale fjellentusiastar. Vi hadde møtt fleire av typen, og dei gav eit godt inntrykk. Mellom anna strauk det forbi ein joggar (sic) opp bakkane til 4000 meter. Det viste seg at Colorado-fjellfolket ikkje var nådige mot "East coasters". Eg har tidligare skjært alle amerikanarar som prøvar seg utanfor fortauet over ein kam. Men, eg ser no at dette er feil. I New England kan dei ikkje å gå på fjellet. Det kan dei i Colorado.
Men nok koseprat. Skumle skyer bygde seg opp i det fjerne. Vi hadde ikkje gløymt gårsdagens tordenbyger, og no, sa Kona, er det om å gjere å kome seg ned i ein fei. Ho eksemplifiserte dette med hurtig gange ned topp-røysa, med påfølgande trynings og eit stygt slag i kneet. *tordnetordne. Så då var det å hinke ned bakkane og håpe at lynet ikkje kom vår veg.
Det gjorde det ikkje, og kl. 15 var vi tilbake på trailheaden etter ein meget pen tur i de tynnere luftsfærer. Denne turen kan ein sikkert gå raskare om ein er akklimatisert og ikkje slår kneet. Men på den andre sida er jo dette ting som kan skje i fjellet, så det er greit å ha god tid.
User comments
Spennende!
Written by SturlaS 12.07.2014 12:01Artig å se "norsk" alpinisme i N.Amerika. Fint å ha fjella mellom 4000 og 4267,2 for seg selv. ;-)
Ser frem til at bildene kommer!
Sv: Spennende!
Written by kobbenes 13.07.2014 16:30Artig og ny opplevelse ja. Ein nydelig plass med masse moglegheiter, så anbefalast eit besøk.