Klatretur til Farley Ledge (02.08.2014)


Tourcharakter Klettern
Karte
Besuche anderer PBE Farley Ledge 02.08.2014

Farley Ledge er noko så sjeldan som ein godt bevart hemmeligheit halvannan time utanfor Boston. Grunneigar har akseptert klatring på området så lenge det ikkje lagast førar eller spreiast omfattande info på nettet. Likevel er området fint utvikla og tilrettelagt med trapper, bolta ruter og stiar. Lokale klatrarar peika oss villig i retning av passande klassikarar.

Klatringa på Farley Ledge er overraskande fin og variert til å vere eit "Massachusetts-Crag". Nedre vegg er sandstein i Gunks-stil, medan øvre vegg er nydelig gneiss med reinskorne riss og flak. Rutene er både sport, trad, og blandingsruter, noko som gir fin variasjon og mange moglegheiter ila. ein dag. Feltet er ikkje så stort, så nokon evig klassikar vert det ikkje. Men svært høvelig for dagsturar der ein kjem heim i rimelig tid.

Oppvarminga gjekk på nedre vegg med ei overraskande hard sport-rute. Nedanfrå såg den ut som ein "Gunks-stige" full av horisontale sprekker, men det viste seg at alle desse sprekkene var negative tak. Det tikka inn på 5.10b, kaldpump og sitting i selen.

Neste rute var ein supereksponert og nydelig 5.9. Omtrent som å klatre inne!

Før dagens høgdepunkt for min del: den naturlige sikra ruta med det forlokkande namnet Yosemithe Crack (5.9): rundt enkelt overheng, og opp dieder *svette skjelve. Lærte litt i Boulder: her gikk det oppover med laidback. Snart kan eg kalle meg etablert på 5.9-talet? Min turkamerat, Dan, jamma og smørte seg relativt enkelt opp samme rute etterpå.

Så hoppa Dan på den nydelige "Barn Door" (5.10a/b/c??) som var ei reinskåren sprekk opp ein gneisshammar, med stemming, laydbacking, og eit hardt punktcrux. Veldig stilig å sjå han forsvinne opp den bratt overhengande starten. Så kom det 3 fall på eit cruxet, før han kom seg gjennom og til topps. Eg gikk den på topptau etterpå. Nydelige bevegelsar, men også eg måtte sjå meg slått av cruxet, som eg løyste med høg fot og hard crimping.

Avslutninga på dagen var eit led på 5.10b sport, før vi vende snuten mot Boston.

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Grad 5.9

    Geschrieben von SturlaS 06.08.2014 15:09

    Det er helt greit å være komfortabel/stabil på naturlig sikret 5.9 (norsk 6-). Dette vil gi deg utrolig mange flotte fjellruter når du er tilbake her på berget!

    Du må ikke undervurdere Peakbook ref. "...eller spreiast omfattande info på nettet." ;-)

    • -
      avatar

      Sv: Grad 5.9

      Geschrieben von kobbenes 06.08.2014 20:39

      Eg er eigentlig svært godt nøgd med 5.9 (6-) etter så kort tid med trad-utstyr. Det sit framleis mykje i hovudet for min del, så på sikt håper eg å få jekka meg opp på 10-talet, i det minste på crag-ruter. Det er godt å ha margin på nokre grader når ein kjem opp i høgda.

      Du som har vore i dei trakter, korleis er det å klatre ruter på Innerdalstårnet eller skarfjell i høve til desse gradene? Ein kamerat av meg meinte at graderinga i Innerdalen var meget mykje strammare enn for eksempel på Romsdalshorn.

      Om massachusetts-craga blir nedrent av nordmenn så hadde jo det berre vore trivelig!

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Grad 5.9

        Geschrieben von SturlaS 06.08.2014 22:02
Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.