Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (166)
- Alpine climbing (27)
- Bouldering (25)
- Ice climbing (43)
- Mixed climbing (7)
- Sport climbing (8)
-
Drive (4)
- Car drive (4)
-
Other trip (6)
- Expedition (2)
- Fishing (1)
- Other winter trip (1)
-
Ski trip (71)
- Backcountry skiing (19)
- Cross-country skiing (2)
- Randonnée/Telemark (37)
-
Trip by foot (211)
- Alpine trip (6)
- Hike (20)
- Hillwalk (47)
- Jogging (107)
- Walk (22)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Gjegnen via nordryggen
- Date:
- 16.06.2023
- Characteristic:
- Alpine trip
- Duration:
- 11:00h
- Distance:
- 27.0km
Gjegnen – fjellet har ein spesiell plass i hjertet til mange kring Nordfjorden. Dette er majesteten – ein kjem ikkje vekk frå det. Både farfaren og faren min fekk eit eige drag i stemma når dei snakka om Gjegnen. Ingen av dei har vore på toppen. Uansett korleis du vrir og vender på det så er det ein lang tur.
Eg og Mari fekk audiens i 2008, på ein tur frå Hyen med Nordfjord Turlag. «Ein dryge tur» sa turleiaren, og sjølv om eg hadde gått ein del i fjellet hadde ikkje studietida gjort underverker for fjellforma.
Då eg rota meg borti fjellklatring nokre år seinare kom det meg for øyret at nordryggen hadde vore klatra. Så fekk eg vete at lokale ekstremsport-pionerar hadde gått ryggen både opp og ned berre iført joggesko som ein del av ein campingtur. Deretter hadde eit dusin >>>
Sporlaus på Knektevasshytta
- Date:
- 31.05.2023
- Characteristic:
- Climbing
Eg har lenge lenge ønska å sette kilane i sandsteinen i Ålfoten. Men eg har berre ikkje fått ut fingeren. Før i dag. Knektevasshytta DNT-hytte har fin sti og ein fin vegg like ved. Her skulle det vere lett tilgjengelig og fin klatring. Aslak var nyfrelst og hadde flunkande nytt utstyr - han var lett å be.
Meldingane var mildt sagt av det mindre fordelaktige slaget. Ålfoten er noregs våtaste plass. Bygene tromma mot frontruta - men Yr sa det skulle blikke opp utover dagen.
Nedbøren gav seg, men det var likevel ein søkkvåt vegg vi såg frå Knektevasshytta. Eg nytta kikerten for å sjå om det tørka, og til slutt klara vi ikkje vente meir. Her måtte det klatrast.
Vi gikk mot ein høveleg høg og passe bratt/slakk del, og såg etter nokon formasjonar. Lenger oppe var tørken i gong, >>>


