Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Mount Evans med bil

Datum:
17.07.2014
Tourcharakter:
Autotour

Toppsamlarnerden møter somme gonger på harde dilemma. Eg gjekk meg på eit slikt i dag: eg besteig mitt til no høgste fjell, Mt. Evans. Problemet er at USA sin høgste bilveg går opp til toppen av dette fjellet. Eller nærare bestemt ca 40 m under sjølve toppunktet. Det vert difor ei særs lite ærerik bestigning. Likevel skal jo enklaste veg opp gjelde fullt ut som bestigning. Dei fleste toppar har ei eller anna form for formildande omstendigheit, og det vert raskt komplisert om ein skal byrje å sette grenser. Så Mt. Evans vert registrert (dessutan hjalp det at tre andre på Peakbook-brukarar har registrert bestigning av denne toppen frå før). Eg får vege opp med å gå meir kompliserte ruter av andre toppar. For dei som er interessert i slikt så har Mt. Evans noko så sjeldan som >>>

Karte    

First Flatiron

Datum:
15.07.2014
Tourcharakter:
Klettern
Tourlänge:
7:00h

Tur opp første strykejern, både for å teste multipitch-eigenskapane, for å klatre eit landemerke, og for å få litt utsikt. Vi byrja på ruta Baker's Way (5.3) som byrjar eit stykke opp til venstre for fronten, for så å følge ei hylle opp ca midten av nordegga. Første taulengde byrja med litt 5.3-klatring, før eg kom opp på sjølve svaet. Her var det berre å la sikringane vere på selen, og rusle seg oppover før eg sette standplass etter nesten fullgått tau. Kona kom etter og leda neste lengd: rundt eit greit hjørne og opp på sjølve hylla Baker's Way. Dette kunne vi gått løpande med joggesko. Ho sette standplass etter vel 60m, og resten av vegen opp til nord-egga rusla vi usikra. På nordegga ankra eg meg i eit rapellfeste, og kona tok det som nok var turens vanskeligaste taulengde >>>

Karte    

Castle Rock

Datum:
14.07.2014
Tourcharakter:
Klettern

Ein topp er ein topp er ein topp. Sjølv om den er ein stor pinakkel nede i ein dal. Og når dette i tillegg vert min høgste klatretopp gjer det strengt tatt ingen ting at parkeringsplassen ligg 60 meter under toppunktet, med hovedvegen like ved. Men i alle fall. Castle Rock er av dei siste klatreområda ein køyrer forbi på I119 frå Boulder til Nederland. Det er også eit klassisk crag i Boulder si klatrehistorie. Ein gong var verdas hardaste tradrute etablert på Castle Rock. Vi var ikkje på Castle Rock fordi vi skulle etablere verdas hardaste trad-rute. Vi var der fordi den alpine starten vår på ei mykje lenger rute på eit anna crag hadde blitt forpurra då vi ved innsteget oppdaga at turledar (meg) hadde gløymt vatnet på motellet. Vi henta vatnet og stakk til Castle Rock for å få >>>

Karte    

Med kjentmann til Eldorado Canyon

Datum:
12.07.2014
Karte    

Uttesting av høgdeeigenskaper på Arapaho Peaks

Datum:
10.07.2014
Tourcharakter:
Hochtour
Tourlänge:
9:00h

I New England er det som kjent ikkje fjell. Men i Colorado er det visst nok fjell, så årets sommarferie er to veker i klatre og fjell-mækkaet Boulder. Første dag i Boulder ville vi teste trad-eigenskapane. Kona var keen på meir leding, så etter konsultering med ein lokal trad-nisse byrja vi opp ei enkel tolengders rute på Castle Rock. Kona leda djervt opp ei kort førstelengde, før eg kjekt hadde sett meg ut eit frekt utspring lenger oppe. Men utspringet var altfor frekt, og eg havna fullstendig av ruta, runout med ein fotballstor laus stein i fanget. Eg fekk satt ei sikring, pendla meg over til trygg grunn, og tatt opp kona. Men vi hadde ikkje kome halvvegs opp denne enkle nybyrjar-ruta, og her på standplassen (som forøvrig var meget pen, dagens høgdepunkt) byrja det å samle seg tordenbyger. >>>

Trad-o-rama i The Gunks

Datum:
20.06.2014
Tourcharakter:
Klettern

Gunks er jo innmari artig. Denne helga fikk vi besøk av Tore og Signe, og snakka dei inn i klatring på denne trad-fornøyelsesparken. Tre dagar med stas og kos i veggen! Sist vi var her så var eg ny for trad-kunsten, så då holdt vi oss på 5.2-3 talet. Denne gongen susa vi opp den eine 5.7en etter den andre. Det er framleis meir å gå på, for alt gikk på første forsøk, men det første ledfallet er framleis noko eg ser fram til med noko uro. Denne helga holdt vi oss innafor, og alle fire var i den skarpe enden av tauet ila. helga. Signe kjøpte seg endatil sitt eige trad-rack og har tenkt å herje dei sørlandske hammarane i åra framover. Tick liste: Horseman 5.5 Rhododendron 5.6 Nice crack climb 5.7 Katzenjammer 5.7 Laurel 5.7 Handy Andy 5.7R Ken's Crack 5.7+

Karte    

Mount Moosilauke

Datum:
15.06.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:30h
Entfernung:
12,0km

Tur til nok ein appalachisk tind. Ingen ting å melde.

Karte    

Rumney

Datum:
01.06.2014

Herrrrlig dag i Rumney, perfekt temp, ikkje altfor mykje mygg, men diverre ingen foerar. Varma opp pa ZigZag Crack som kanskje er den finaste V1 i USA, eller i verden, eller i universet¿¿¿¿¿?????? og gikk sa fleire lette og moderate pene bulder. Utebuldreforma er ikkje heilt tippetitopp, men det kjem. Meget pen buldring med norsk stil. Sa rota vi oss vekk i klatreklippene, og utan guidebok vart problema noko harde (til frustrasjon for Kona, som ville sende. Sjolv var eg ganske nogd nar forste ruta eg provde pa var 5.10a. Etterpa vart det meget god mat og ol pa kafeen som ligg midt i krysset i Rumney (krysset der ein svingar av Buffalo Road), berre sa det er sagt. Ticks buldring: Zig Zag Crack V1 onsight Left train track V1 onsight Cilley Flakes V1 onsight Rikochet V3 4-5 forsok Firestarter V3 >>>

Karte    

Crow hill

Datum:
31.05.2014
Karte    

Mount Agamenticus

Datum:
26.05.2014
Karte