Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Kvanndalsegga litledalshornet og blåfjellsegga

Dato:
20.09.2024
Distanse:
13,0km

Kart    

Trollenykjen

Dato:
16.09.2024

Kart    

Lundavarden

Dato:
11.09.2024

Kart    

Kamben

Dato:
08.09.2024
Distanse:
5,0km

Kart    

Dukhornet

Dato:
08.09.2024
Distanse:
8,3km

Kart    

Lundavarden frå tverrelva

Dato:
05.09.2024

Lundavarden

Dato:
23.08.2024
Kart    

Hornet og svarthaugen

Dato:
07.08.2024
Turtype:
Løpetur
Distanse:
19,6km

Dag to på transportetappe frå Vesterålen til Nordfjord. Køyrde frå Trondheim litt seint, og såg på værmeldinga at eg nerma meg dritværet - det skulle ligge omtrent på Dovre. Etter 3 veker med shorts ana eg uråd. Eg ville ha meg ein beinstrekk i dag også, og tenkte at eg minst måtte til Oppdal om eg skulle finne noko fjell med meining i. Stoppa på Oppdal og gikk inn på VPG. Kom ut med litt forskjellig - mellom anna dei skoa hass Killian. Dei måtte jo testast! Valet fall på Drivdalshornet. Fint oppover bakkane, og skoa var virkelig gode! Var på toppen på NO TIME! Eg kunne jo ikkje gi meg no. Svarthaugen låg jo rett der nede! Raskt ned fjellsida, så gjennom diverse bukkemark, før likt og ulikt av stiar og beitemark, så nådde eg Svarthaugen. Etter det ein dryg jogg langs >>>

Kart    

Kuklumpen Børgefjell

Dato:
06.08.2024
Turtype:
Løpetur
Distanse:
12,9km

Køyredag sørover frå nordnorgeferie. Hadde tenkt å finne ein beinstrekk, men var ærleg tala litt sliten etter mange dagar på tur. Køyrde forbi det eine kremfjellet etter det andre. Svært varmt. Stoppa på Trixie på Trofors og åt spesialpizzaen "Viking", som var ein vikingskipforma pizza dynka i bernaise. Det gjorde underverker for energien, og når eg var på Majavatn var eg klar for utflukt. Fin DNT-sti innover mot børgefjell. Så fulgte eg spreidd varding til toppen med det flotte navnet Kuklumen. Skulle jo vere ein kort tur, men litt var det jo allikavel. Stor utsikt innover mot Børgefjell. Fin jogg tilbake til bilen, og nådde overnatting i Trondheim kring midnatt.

Coley smoke

Dato:
05.08.2024
Turtype:
Klatring

Andre dag på aleinebiltur frå Vesterålen til Nordfjord. Denne dagen hadde eg fått napp på klatring hjå ein gammal kollega frå Molekylærbiologisk Institutt i Bergen. Kari hadde byrja å tradklatre på forskingsopphald i Peak District, og no var ho og venninda Ann Karin på Lofoten-raid. Dei ville klatre multipitch, og vi gikk for Coley Smoke (5+, 4tl) på Bare Blåbær-veggen. Eg overnatta i bilen ved Djupfjorden, men unna meg ein frokostbuffet på Trevarefabrikken før oppmøte på parkeringa. Innmarsjen gikk unna, og klatringa såg fin ut! Her var målet å kose seg, og at alle skulle få prøve seg i skarpenden. Ann Karin tok første lengde (4) og den var raskt unnagjort. Så tok eg andre lengde (5), og angra raskt på at eg hadde pakka så stor sekk. Ingen planar om å gå tom for >>>

Kart