Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (77)
- Alpine climbing (9)
- Bouldering (9)
- Ice climbing (20)
- Mixed climbing (3)
- Sport climbing (3)
-
Drive (2)
- Car drive (2)
-
Ski trip (13)
- Backcountry skiing (2)
- Randonnée/Telemark (11)
-
Trip by foot (80)
- Alpine trip (2)
- Hike (11)
- Hillwalk (29)
- Jogging (25)
- Walk (12)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Isklatring sesongstart på Kongsvollfossen
- Date:
- 06.11.2016
- Characteristic:
- Ice climbing
- Duration:
- 5:00h
Sesongstart på is opp Kongsvollfossen. Pål Christian var med, og hadde sin andre dag på is, med splitter nye himalayastøvlar og nomics. Det var -13 på parkeringa, men ingen fare for at man skulle fryse på beina, for å seie det slik. 3 andre taulag var i gang, men det gikk fint oppover. Dei to første var omtrent toppa ut, og vi klatra parallelt med nokre svenskar som hadde gjort moldensarar av seg. Trivelig stemning, sol, flott utsikt, og effektivt arbeid opp isen. Og ikkje minst slapp vi å finne vegen ned sjølv. På Oppdal vart det rømegraut og biffsnadder.
Haustferie i Font
- Date:
- 08.10.2016
- Characteristic:
- Bouldering
Årets haustferie gikk til det kanskje mest kjente buldrefeltet i verda, Fontainebleau (eller Font på folkemunne). Dette er mitt fjerde besøk til denne skogen sør for Paris som pregast av nydelige sandsteinar, gåselever og raudvin. Sidan sist har det skjedd ei drastisk befolkningsauke i vennegjengen, og vi var tre småbarnsfamiliar som trakk sørover: Anne, erlando (Erlend Hassel) med Ane, Solveig, AndreasNordstrand (Andreas Nordstrand) med Jens og Ragna, samt meg, Ms_Holm (Mari Holm) og Eskil. Det flotte med Font er jo at det passar for ALLE alderar. Buldring i Noreg er stort sett bedrive av menn i 20-åra som vil gå harde ting. I Font er det ein folkesport, og ein finn alt frå veldig fine bulder for nybyrjerar til nokon av verdens hardaste problem. I tillegg ligg mange av områda på flat sand, så det er rimelig trygt for småfolk og ferdast. Solveig og Andreas hadde >>>
Tørrøksing på Trolla
- Date:
- 02.10.2016
- Characteristic:
- Mixed climbing
Problemet med is-og-mixklatring er den korte sesongen. Der ein med vanlig klatring har mange månedar til rådigheit, og i tillegg kan ein turne rundt innendørs på plastsubstituttar. Mengde har altså vore avgrensande faktor her på skjæret for høgkvalitets økseføring. Inntill no - no er manglande vilje avgrensande faktor. AndreasNordstrand (Andreas Nordstrand) hadde snakka med bolteborrar av den svært lite brukte trolla-veggen og fått klart signal om at vi kunne skrape litt forsiktig på rutene der. Einaste var at boltane var av usikkert vedlikeholdt kvalitet. Det var uansett berre topptauing som var aktuelt for oss i dag. Sidan junior har rydda vekk føraren min så får eg nøye meg med å seie at vi klora oss opp langs ei boltelinje på ustabile hooks, traverserte over i eit jordete og fint dieder, og deretter skaut til >>>
Lyneggen på Størenhammaren
- Date:
- 21.08.2016
- Characteristic:
- Climbing
Good ol' Størenhammaren, faithful ol' friend. You always have time for a short romance. Med Pål Christian på søndagstur opp gamle stier. Hadde tenkt å klatre Grismattistjuven, men klatra feil og enda opp på Størenhammarens Grand Old Lady, Lyneggen. Rappellerte ned Nordtangenten. Den har eg lyst å klatre, kanskje neste gong om eg ikkje prøver meg på Grismattistjuven igjen.
Melkeveien/Krystallnatten på Selnes
- Date:
- 14.08.2016
- Characteristic:
- Climbing
Fikk med Daniel på tur til Trøndelag si flottaste klatreklippe, Selnesklippa. Han som er ledar i Tindegruppa hadde faktisk ikkje vore der før (!). Vel, det er aldri for seint å oppleve fantastisk Fosenklatring. Planen var å prøve på ei av klassikerane i hovedveggen. Sidan Himmelstigen var våt satsa vi på Melkeveien (6). Greit opp svalengdene i botnen. Daniel fann ut at granittsva på ingen måte krevjer samme ferdigheiter som å aide The Nose . Begge er krevjande øvingar, på kvar sin måte. Så etter litt opp og ned stod vi under hovedveggen. Her tok eg ledartrøya, og planen var å strekke seg heilt til topps. Melkeveien har ein direktevariant på 6+ som heiter Krystallskallen. Sidan eg var litt keen på å pushe gradene litt satsa eg på denne. Første del var våt, og difor ikkje heilt rett >>>
Flautangåsen ad vestveggen
- Date:
- 06.08.2016
- Characteristic:
- Climbing
På ferietur i Sandefjord med Nina og Bjørn Ole. Sjølv om barna var i sentrum på dette opphavet vart eg plaga med synet av perfekt granitt kvar enn eg snudde meg. Racket ropa til meg der det låg innelåst i skiboksen, og eg vakna bada i svette med hendene forma i fingerjams natt etter natt. Så når ungane (så og seie) hadde sovna(ish) rusla eg og Bjørn Ole 5 min ned vegen frå hytta, og byrja på ein vegg eg hadde spotta dagen før: vestsida på Flautangåsen. Stort potensiale for nydelig kilecragging her! Nokre spydige oslofolk lurte på om vi trengte hjelp, og eg sa at dei fekk kome om vi ropte. Fin chimney opp til hylle. Fleire moglegheiter herifrå, men dei var alle ganske overgrodde. Eg gjekk litt til venstre og opp ei handsprekk. Litt henging i sikringane medan eg rensa så vart dette >>>