Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (77)
- Alpine climbing (9)
- Bouldering (9)
- Ice climbing (20)
- Mixed climbing (3)
- Sport climbing (3)
-
Drive (2)
- Car drive (2)
-
Ski trip (13)
- Backcountry skiing (2)
- Randonnée/Telemark (11)
-
Trip by foot (80)
- Alpine trip (2)
- Hike (11)
- Hillwalk (29)
- Jogging (25)
- Walk (12)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Romsdalsraid dag 1: Sydpillaren på Mongejura
- Date:
- 03.06.2016
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 20:00h
Eg hadde tenkt å starte denne rapporten med ei vittigheit om at for sunnmøringen er ikkje Romsdalen anna enn ein stopp for å kjøpe is ved Trollveggen på veg til Oslo. Men det er ikkje heilt sant, det går ei anna linje her. Då eg var liten var Magnar Osnes lokalhelt og fjellklatrar i Ulsteinvik. Og for Kristian 5 år var det berre to stader ein klatra i fjellet; det var på Mount Everest og i Trollveggen (det er meg ukjent om Osnes har klatra Trollveggen, men skal ein følgje dette resonnementet må han altså ha gjort det sidan dette er einaste staden å øve seg til Mount Everest). Sidan den tid har Trollveggen endra seg til eit ståande grustak, og eg har heldigvis oppdaga at det er andre fjell som kan klatrast. Etter å ha tatt Mongejura i auge for ein måneds tid sidan, med bitre >>>
Tøftfossen
- Date:
- 31.01.2016
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 6:00h
Det er vanskelig å konsentrere seg om søknadskriving på jobb når tankane ligg att i eit bratt juv i Drivdalen. Skitt la gå - eg må nytte min akademiske fridom til noko. Eg skriv turrapport. Med fersk familieauke har det ikkje vorte så mykje isklatring denne sesongen, men denne søndagen fikk eg og Andreas troppa saman ein liten ekspedisjon til Drivdalen superklassikar Tøftfossen (150m, Wi4). Det vart alpin start frå Trondheim klokka 6. Til vår forskrekkelse oppdaga vi at bensinstasjonane langs E6'en ikkje hadde opna (=ingen kaffi). Ein kan lengte tilbake til New Hampshire av mindre. Men dette gjorde at vi var nokolunde raskt på plass ved Drivstua (etter den obligatoriske svippturen oppom Dovre etter å ha køyrt forbi målet). Termometeret viste -6, og det vart varmt opp gjennom småskogen. >>>
Huntington Ravine - Ice climbing season is NOT on.
- Date:
- 22.11.2015
- Characteristic:
- Alpine climbing
Yosemite 2/2: Half Dome ad Snake Dike
- Date:
- 01.05.2015
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 15:00h
- Distance:
- 22.0km
Forventningar Kvar var kaffien? Der eg stod midt på golvet på deli’en i Yosemite village slo det meg at noko var feil. Det var ikkje likt meg å ikkje finne kaffien. Royal Arches dagen før hadde nok sparka frå seg sterkare enn eg trudde på energilageret – det var for så vidt greitt nok. Men den underliggande uroa gjekk mot noko anna: eg og Andreas skulle klatre El Capitan om 6 dagar, med overnatting og det heile. Ruta West Face skulle vere mogleg og gjennomføre på 2 døgn. Det var berre det at det var så innmari høgt. Andreas er psykolog med forkjærligheit for eksponeringsterapi, men eg var urolig allikavel. Eg prøvde å ikkje tenke på dette dei komande dagane. Eg henta Kona som kom med toget tysdag, og vi flytta inn i eit lerretshus i Houskeeping Camp. Dette viste seg å vere >>>
School of trad gruppearbeid: Lakeview
- Date:
- 28.09.2014
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 10:00h
Denne søndagen hadde vi tenkt å cragge litt i nærområdet til Boston. Værmeldingane var nydelige, og sidan eg hadde nytta veka til å ruse meg opp på The American Alpine Journal 2013, hadde tankane mine byrja og vandre nordover. Medan vi sulla oss heim frå ein god middag laurdags kveld sette eg inn støtet: kva om vi dreg på Cannon heller enn å cragge? Kona sa "Ja, det gjer vi!" Eg hadde ruta Lakeview (5.6, 8tl) i tankane. Spørsmålet var om min kollega Pontus, som vi hadde avtalt å cragge med, var interessert. Han er rimelig ny til klatresporten, men har vist seg sporty og ikkje heilt utan talent. Han var med! Så dette vart jo som eit gruppearbeid på School of Trad (S.O.T), med vekselleding og føring av nybyrjar. Gruppearbeid høyrer jo til på ein skule. Relativt alpin >>>
Tentamen på school of trad: Whitney-Gilman Ridge
- Date:
- 07.09.2014
- Characteristic:
- Alpine climbing
Etter å ha tatt nokre helgekurs på den noko uformelle School of Trad var det på tide å gå opp til tentamen. Oppgåveteksten var som følger: lede den klassiske Whitney-Gilman Ridge (II 5.7 5tl) på Cannon Cliff. Kona melde seg som sensor, og vi var klare til avmarsj. Vi var fire stykker i bilen. 1) Den lokale trad-nissen Kevin, som i stoisk ro inntok ein slags Old Man on the Mountain-positur i baksetet. 2) Daniel, ein trivelig og klatreivrig kar frå Ålesund/Trondheim, som vi gikk oss på utanfor klatregymmen for halvannan veke sidan (!!), 3) Kona, og 4) Meg. Alpin start frå Boston kl. 6 med ein slags tanke om at vi skulle vere først på ruta. Ankomst parkeringsplassen kl. 8:30, og ved innsteget kl. 09:30 i crispy haustvær. Alas, det var mange som skulle opp til tentamen denne dagen, og det aula allereide >>>
School of trad 3: Cannon Cliff
- Date:
- 09.08.2014
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 9:00h
School of trad del 3: alpin/større vegg. Cannon Cliff er "the tallest and most respected cliff in New England" , ein 2km lang granittvegg broten opp av eroderte renner. Innimellom her finn ein flott steinkvalitet, samt mykje rot. Eg har endelig byrja å innynde meg hjå lokale klatrerar, så vi var ein heil gjeng som køyrde til Cannon denne morgonen. Her vart det mykje nytt for ei enkel buldre-sjel. Det var berre å lære seg teknikkar som rissklatring, finger og handjamming, diederklatring, pendeltravers (!!), offwidth og hengande standplass. Det var ikkje så mykje leding på meg denne dagen, ei 5.6 og ei 5.7-taulengde. Men, ein flott dag der vi stort sett hang i veggen frå 9 til 5. S&D: Moby Grape, 5.8 8tl, første tre gått denne dagen. Vertigo, 5.9 4tl. Ingen tvil om at man skal tilbake til Cannon!
Longs Peak ad Kiener's Route
- Date:
- 19.07.2014
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 10:00h
- Distance:
- 18.0km
Tida var komen for Colorado-ferien sitt høgdepunkt: Longs Peak ad Kiener's Route. Meir info om Kiener kan ein finne her . Kort sagt: Long's Peak er den nordligaste av 14K-footerane i Colorado, og eit ynda mål for turistar som vil bli truffe av lyn eller fryse ihjel. Longs Peak-området er også den alpine leikegrinda for klatrarane i Boulder-området, med mange alpine ruter, samt ein nydelig stor vegg (The Diamond) som byr på fleire dritharde klatreruter i over 4000 meters høgde. Ein kan bli gåen av mindre. Kiener's route går opp ei snørenne (Lamb's Slide, 40-50gr helling, ca 200 høgdemeter?), bortover ei den tider tynne og eksponert hylla Broadway, opp ei lang og rimelig enkel taulengde, diverse høgdemeter med noko teknisk men morsom klyving, før den rundar av rett over Diamanten, og >>>
Brytekamp med Storen
- Date:
- 07.09.2013
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 19:00h
Andreas og Solveig inviterte til tur på Storen. Storen? Eg som hadde høgdeskrekk og null klatreerfaring? JA! Det var glimrande meldingar då vi la i veg frå Turtagrø 05:00. Då vi kom til Bandet klokka 8 var det delvis overskya, og vi følte dette gikk glimrande. Opp mot svaa hadde vi fått eit einaste råd: hold mot venstre. Og det gjorde vi sjølvsagt ikkje. Samstundes kom skodda, og alt vart glatt. Vi kom for langt ut til høgre, og måtte sikre oss opp nokre dieder og sva. Tida gikk, og vi var ikkje på hjørnet før om lag klokka 13. Her skulle det klatrast! Alt var glatt, men i det minste visste vi no kvar vi skulle. Bortover galleria gikk det fint. Her var det å fokusere fullt på arbeidsoppgåvene, og då har ein ikkje anledning til å tenke på høgda. Dette kallar eg kognitiv sjølvmedisinering! >>>