Travers over Storbua (31.08.2014)


Map
Ascents Dyrdalstinden (1,371m) 31.08.2014
Kvasstinden (1,060m) 31.08.2014
Kvasstinden (1,376m) 31.08.2014
Månvasstinden (1,468m) 31.08.2014
Sandfjellet (1,470m) 31.08.2014
Storbua (1,498m) 31.08.2014
Trollbotntinden (1,338m) 31.08.2014

Gjekk frå Pusken på merka sti langs nordsida av elva oppover mot Dyrdalen. Litt nedanfor skoggrensa går det faktisk ein merka sti som tek av opp til Dyrdalstinden. Traff på fleire folk på veg ned som kun hadde vore på Dyrdalstinden. Vardebok på toppen og her såg eg at kjentfolk hadde vore på ferde dagen før. Fortsatte på eggen som smalner av videre nordover over Trollbotntiden men så på brei rygg oppover til Månvasstinden og så vestover til Storbua, Kvasstinden og Sandfjellet som er høgaste topp i Vestnes kommune. Godt besøkt topp dette ifølge vardeboka. Gjekk så ryggen ned sørvestover over Kvasstinden 1060 og ned i Jolbotn og så på god sti tilbake til Pusken. Totalt 12t rundtur, men med lange pauser på toppane i flotte seinsommarveret.

User comments

  • -
    avatar

    Nestentreff

    Written by boven 08.09.2014 20:38

    Ja dagen før gjekk vi denne motsett vei, og vi låg i bilen der veien innover mot Jolbotnen starta. Ubegripeleg at vi ikkje traff kvarandre!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.