Sunnaråsen og Rudlo (04.02.2015)


Map
Ascents Rudlo (206m) 04.02.2015
Sunnaråsen (128m) 04.02.2015

Parkerte på P-plassen på sørsida av Nodhagen turisthytte. Gjekk en drøy km over Hølefjorden mellom Nothagen og Klungvika på Ådnøy. 4 døgn med kaldt og stilt ver er det som skal til for at fjorden vert gangbar her. Isen var 6,2 cm så det både gynga og knirka litt på turen over. Sjøisen er mjuk og seig i staden for hard og sprø som vanlig stålis. Det var i grenseland til å vere farbart sjøl for meg.
Frå Klungvik gjekk eg opp nordvestsida av Sunnaråsen. Det er litt klyving på hyller mellom bratte svaberg, men er raskt oppe. Litt meir uggent terreng vidare søraustover med vekslande tett skog og bratte skrenter. Frå hytteområdet er det rødmerka sti sørover mot Rudlo, men stien vert gadvis meir utydelig mot toppen. Eineståande utsiktspunkt, men sola forsvant dessverre bak Dyrafjellet/ Kjølleknuten før eg nådde toppen.
Retur ned vestryggen til Grunnevågen gjennom Skjerpesundet tilbake til Nothagen. Kan med dette sjå tilbake på denne vinterens mest eksotiske fjelltur.

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by imp0z 03.03.2015 18:53

    komme du deg over her uten båt?

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by kolla 03.03.2015 19:14

      Nei, normalt sett ikkje. Det er ikkje kver vinter det er mulig å gå over til fots. Hølefjorden blir raskt "farbar" i nordlige del når det er både stilt og kaldt som det var den veka. Har tenkt å legge inn bilder frå turen

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.