Bruviknipa og Rispingen (19.03.2015)
Bestigninger | Bruviknipa (822moh) | 19.03.2015 |
---|---|---|
Raudskredbruna (722moh) | 19.03.2015 | |
Rispingen (742moh) | 19.03.2015 | |
Andre besøkte PBE'er | Raudskredvarden (686moh) | 19.03.2015 |
Skitur frå Båtaleitet. Gjekk først til Bruviknipa opp og ned den bratte nordaustryggen. La igjen skia på ca 700 moh og gjekk til fots det øverste partiet. Mildt ver så det var ikkje behov for stegjern. Skydekket låg og nedpå på rundt 700 moh så det var dessverre ingen utsikt. Ned igjen til Båtaleitet og flott skiterreng videre til Rispingen via Raudskredbruna. Også her la skodda seg nedpå og det var innslag av nedbør i forskjellige former.
Kommentarer