Sommarskitur til Lysekammen (10.07.2015)


Map
Ascents Vest for Klumpen (1,180m) 10.07.2015
Lysekammen (1,304m) 10.07.2015

Frå Ådneram/ Suleskard i Sirdal går det asfaltert anleggsveg opp til Svartevassdammen 15 km lenger nord. Denne vegen er stengt med bom ved Ådneram, men er kjempefin å sykle fram og tilbake. Det tar fort en god time å sykle opp til Grauthellervatnet litt sør for dammen. Hadde med meg ski og bar dei med langs sørsida av Grauthellervatnet forbi turisthytta og vidare vestover. Frå 850 moh var det store nok snøfelt til å ta på skia.
Fulgte nokonlunde traseen til T-stien til Fitjaholet i vestenden av Svartevatnet der det er bratt nordvendt fjellside som kan vere krevjande å forsere når det er hard snø. Nå var det smelta såpass at det var bare partier og uproblematisk å forsere til fots. Frå Fitjaholet var det samanhengande skiføre vestover til Lysekammen. Var oppom 1180-toppen vest for Klumpen og såg derfra at Lysekammen ikkje var rein sjøl om det var klarver ellers. Skuffande å gå inn i skodda på ca 1200 moh, men slikt er typisk ved nordvest vind på desse trakter. Det låg faktisk rester av 2-3 dager gammal nysnø oppå den gamle snøen rundt varden. Pausen her oppe blei kort i gråveret og det var godt å koma under skydekket igjen. Rant strake vegen ned til Fitjaholet og tilbake til Grauthellervatnet. Til slutt ein liten time med sykkel ned igjen til Suleskard.
Denne ruta til Lysekammen er for spesielt interesserte, og er adskillig lenger enn frå Auklend i Lysebotn. Så lenge det er snø frå Grautheller er dette ein veldig flott tur om ein liker litt lange skiturer. Brukte totalt ca 12t på turen, men så er eg ingen racer hverken på sykkel eller ski.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.