Trollaskarknuten og Svalafjellet (19.03.2016)
Ascents | Bjørnbåsknuten (240m) | 19.03.2016 |
---|---|---|
Søra Dalafjellet (693m) | 19.03.2016 | |
Husafjellet (876m) | 19.03.2016 | |
Svalafjellet (948m) | 19.03.2016 | |
Svidhaugen (241m) | 19.03.2016 | |
Trollaskarknuten (752m) | 19.03.2016 | |
Sør for Trollaskarknuten (777m) | 19.03.2016 |
Gjekk til fots og bar med ski opp til Søra Dalafjellet. Derfrå var det godt skiføre på kram snø vidare austover. La i frå meg ski i Trollaskardet og gjekk opp den særs bratte sørsida til Trollaskardknuten. Så rant eg ned austover og gjekk opp den relativt bratte vestryggen til Svalafjellet. La igjen ski ca 50 hm nord for toppen siden det hadde begynt å fryse på.
Frå Svalafjellet gjekk eg sørover for å gå oppom toppane på Husafjellet. Fleire jamnhøge topper der men pf er nok under 50 m. Så opp igjen til Svalafjellet for å renne ned igjen. Frå vestenden av Håhellervatnet var det beltespor i snøen (sannsynligvis firhjuler med belter) som var greit å gå i nedover Daladalen forbi dnt-hytta Songedalen Fjellgard. Nedforbi hytta tok skiføret slutt og eg bar skia med på grusvegen ned til Helmikstøl.
Nordvest bris og overskya med tidvis skodd nedpå toppane og kortere perioder med yr, men var heldig og slapp skodd mens eg var på toppane.
Til fots på Bjørnbåsknuten og Svidhaugen.
User comments