Fant ingen sti til Ruten frå denne sida. Alle andre går visst opp frå nordsida. Gjekk via Seterfjellet, Jørenskardfjellet, Snipen og Litlfjellet og opp sørsida til Ruten. Sol og varmt men dis som begrensa utsikten. Stor plakat på toppen med namnsatte Trollheimtopper ein kunne ha sett om lufta hadde vore klar. Fulgte "stolperuta" ned igjen austover til myra nord for Ljøsådalen. Dette er nok ei merka vinterløype for det var bare sporadiske stitråkk i det høge graset. Siste stykket gjennom Ljøsådalen tilbake til parkeringsplassen i Austre Fossdalen.
User comments