Steinafjell (07.11.2009)
Ascents | Steinafjell (1,404m) | 07.11.2009 |
---|
Kjørte opp mot Folgefonna sommarskisenter men parkerte ca 100 hm nedanfor skisenteret pga isete veg. Gjekk videre til fots og opp på breen langs heistraseen til endes. Herfra var det bare ca 2 km og 200 hm til toppen av nordre Folgefonna, men skyene låg nedpå lenger oppe og det var sterk søraust vind så eg såg ikkje syn på å gå videre oppover. Gjekk da vestover ut av breen og nordvestover til Steinafjell. Fulgte ryggen tilbake til breen igjen og gjekk langs kanten av breen ned til skisenteret.
User comments