Olsskavlen og Seldalsnuten (02.05.2012)
Bestigninger | Olsskavlen (1576moh) | 02.05.2012 |
---|---|---|
Punkt ved Olsskavlen (1572moh) | 02.05.2012 | |
Seldalsnuten (1548moh) | 02.05.2012 |
Parkerte på "feil" parkeringsplass på nordsida av jernbanen litt ovanfor Voll i Raundalen. Gjekk over elva på ei bru og gjekk på ski oppover Tungefjellet til Olsskavlen. Masse skispor opp, og ifølge vardeboka må det ha vore reine folkevandringa dei siste dagane. Litt disig langs horisonten men fekk raskt auge på Hurrungane i Jotunheimen. Blåskavlen sperra for sentale deler av "heimen", men det var noen topper som stakk opp lenger aust som eg ikkje klarte å identifisere.
Det var en mindre varde nord for toppen, 15-20 hm lavere nede. Ifølge kartet går kommunegrensa mellom Granvin og Voss litt nord for toppen, men ikkje så langt nede som varden var plassert. Etter 1,5t pause på Olsskavlen gjekk eg videre til Seldalsnuten der eg fekk med meg solnedgangen litt over kl. 21.30. Rant nedover Skorafjellet og kryssa Mysedalen tilbake til Raundalen. Brukte 9t i et fantastisk flott vårver.
Kommentarer