Blåskavlen via Hornsnipa (22.07.2013)


Map
Ascents Blåskavlen (1,809m) 22.07.2013
Hornsnipa (1,692m) 22.07.2013

Kjørte den fine høgfjellsovergangen mellom Aurland og Lærdal og parkerte ved vegens høgaste punkt ved Hornsvatnet på ca 1300 moh. Her er det lettgått høgfjellsterreng, men dog bratte parti om ein går strakaste veg mot Blåskavlen. Eg gjekk via den karakteristiske Hornsnipa som kneiser i austenden av Blåskavlen-massivet. Den 24,5 km lange Lærdalstunnelen på E16 går ca 1600 m rett under toppen av Hornsnipa.
Frå Hornsnipa var det stort sett steinørkenvandring men og passering av nokre snøfelt vestover til Blåskavlen. Flott utsikt men litt denne fine og varme sommerdagen. Etter ein lengre pause la eg returen meir nordaustover for å utnytte flest mulig av snøfelta nedover tilbake til Hornsvatnet. Traff ingen andre folk på tur denne mandagen midt i fellesferien.

kolla_20160713_5785f06dc6272.jpg
kolla_20160713_5785f09433796.jpg
kolla_20160713_5785f099ddd4d.jpg
kolla_20160713_5785f0a72cd8d.jpg

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.