Archive - Date
Archive - Activity
-
Ski trip (25)
- Backcountry skiing (25)
- Trip by foot (48)
Peakbook-Friends
Collected lists
- Gjesdal ≥ 100m pf.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Hordaland ≥ 500m pf.
- 2000m 10m pf. fastlandet
- Rogaland ≥ 250m pf.
- Forsand ≥ 100m pf.
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Gjesdal 50m pf
- Sandnes 50m pf
- Hjelmeland ≥ 100m pf.
- Suldal ≥ 100m pf.
- Oppland ≥ 500m pf.
- Haugalandet >=100m pf.
- Odda ≥ 100m pf.
- 1800m ≥ 100m pf. fastlandet
- Norske kremtopper av E.W.T
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Sør-Norge >500m pf
- Bjerkreim 50m pf
Favourite peaks
Midtfjell i Ulvik
- Date:
- 30.04.2012
I Ulvik tok eg av fv572 til Vambheim og kjørte ca 1km før eg svingte til venstre og forbi en åpen bom (rusta hengelås) og kjørte oppover en brøyta skogsveg til Sjusete på ca 400moh. Gjekk så videre på ski på ubrøyta skogsveg opp til ca 600moh, og fulgte så et gjel oppover til Troppefjellet og videre til Midtfjell. Kongeutsikt over Eidfjorden og Sørfjorden. Gjekk videre til Grimsnuten som eg besteig til fots i den bratte nordsida. Litt bedre utsikt austover herfrå. Rant ned igjen omtrent same vei som eg gjekk opp. Drøyt 6t på tur inkl en god time pause i stilt og fint ver denne siste aprilkvelden.
Skitur over Hjortahorgi og nabotopper
- Date:
- 29.04.2012
Gjekk på ski frå Hodnaberg i austenden av Hamlagrøvatnet i løype opp til Torfinnsheim turisthytte. Snakka med et par som rasta her og dei fortalte at den kvista løypa videre til Gråsida var lagt utenom Torfinnsvatnet for det hadde vore veldig med overvatn der før påske. Nå var det imidlertid glimrande skiføre med 10-30 cm tørr snø over vatnet. Gjekk i land der Torfinnsåni kjem ned i austenden og fulgte ryggen nord for Torfinnsdalen til Torfinnshorgi. Relativt beskjeden varde og det var ikkje andre spor her. Litt aust for toppen var det en høg skavl så eg måtte renne litt nordover for å omgå den. Ca 1 km aust for Torfinnshorgi kom eg inn på skispor frå Gråsida og eg fulgte dei et stykke sørover før eg dreide opp på Skjemmehorgi. På den vesle varden her var det et treskilt >>>
Trollevassnibba i Sveio
- Date:
- 28.04.2012
Ca 1km søraust for Tittelsnes går det en bratt skogsveg opp mot Fjellstemmen. Vegen er god å gå på, men egner seg ikkje til å kjøre eller sykle. Det gjekk likevel greit å parkere ca 50m opp frå hovedvegen. I ca 200m høgde er det et myrområde og det var skilta og merka en sti videre til Trollevassnibba. Brukte ca 1t opp og var ca 45 min på toppen. Halvskya ver og tålig bra utsikt. Såg Skaulen og Hustveitsåta i Saudafjella. Skyene låg nedpå Englafjell, Ulvanosa og Folgefonna i Kvinnherad. Gjekk same veg ned og brukte da ca 45 min.
Rundtur over Brendeknuten og Skorva
- Date:
- 21.04.2012
Gjekk frå Bjødnabu på sti det første stykket før eg gjekk over Saupstølheia og opp i skaret mellom dei to toppane til Brendeknuten. Besteig først sørtoppen som er nesten like høg som hovedtoppen. På hovedtoppen er det stor varde og ei lita bu med solcellepanel til lading av en sender. Gjekk så nedover mot Undestølsvatnet, og det var en del mjuk snø i det austvendte terrenget. Det går sti langs vatnet, men eg tok den lette veien over isen, som var ca 30 cm, før eg tok fatt på den nesten snøfrie sørsida til Kolleåsen. Et stykke oppe i lia haurte eg hamring og banking og eg tenkte det kunne være vedhogst som foregjekk. Det viste seg derimot at det var sjølvaste "Snøhulemannen" frå Hjelmeland, som det blei laga film om for 2-3 år siden, som hogde ut steinblokker i ei steinhule. >>>
Rullefjellet, Bynuten og Grytefjellet
- Date:
- 15.04.2012
Gjekk frå parkeringsplassen ved fv 508 mellom Oltedal og Høle på anleggsveg, den såkalte Lysevegen, forbi Auratjørna og på vegens høgaste punkt gjekk eg nordover opp til Rullefjellet. Gjekk ned søraustover og over Buløyfjellet og så opp den bratte "nordeggen" til Bynuten. Gjekk så videre austover til 615 og 649 for å få litt betre utsikt austover før eg gjekk ned på sørsida av Storatjørn og opp på Kvelvane og så nordover til Grytefjellet. Denne sundag ettermiddagen var det nordvest frisk bris og det kom enkelte snø- og haglbøyer, men det var og perioder med sol. 7t rundtur.
Blåfjell, Husefjell og Endeheii
- Date:
- 07.04.2012
Gjekk på ski fra Hunnedalen opp Tveitabrekka og fulgte kvistinga til Tomannsbu. Her var det mange som rasta. Eg gjekk videre sørover til Vassvollvatn og Blåfjell som hadde 2m høg varde. Gjekk ned nordvestsida og rant ned til Blåfjelldalen og gjekk opp på Husefjell som bare hadde en stor stein på toppen. Gjekk så nordover på austida av Blåfjell til Kilen og Langevatn og opp i sørsida til Endeheii og så ned nordover ned på Djupevatn igjen forbi Tomannsbu. Såg ikkje teikn til folk der nå men godt mulig det var folk i hytta. Gjekk så i gått oppgådde skispor og tilbake til Hunnedalen. Det var 10-15 cm nysnø på vatna men det var avblåst oppe i fjellsidene. Brukte 9,5 t på turen i nydelig ver og litt nordatrekk.
Bringeknuten, Oreheii og Hommaknuten
- Date:
- 04.04.2012
Gjekk frå parkeringsplassen på austsida av Stavtjørna på sti opp Lomsdalen og så på ski videre til Hommadalen. Det var så elendig skiføre at her satte eg frå meg skia og gjekk videre til fots på vekselvis skaresnø og barmark opp Austdalen til Bringeknuten. Gjekk så ned til vestsida av Austdalstjørn og gjekk opp til høgaste punkt på Oreheii. Så vestover over trigpunktet og så til Hommaknuten. Ned igjen den ganske bratte nordvendte skråninga mellom Hommaknuten og Oreheii. Hadde for sikkerhets skuld med stegjern og dei kom til sin rett på den harde snøen, men det hadde nok gått an å koma seg ned uten stegjern og. Så over brua over elva og langs stien tilbake til Stavtjørn. 12t på tur i flott påskever.