Archive - Date
Archive - Activity
-
Ski trip (25)
- Backcountry skiing (25)
- Trip by foot (48)
Peakbook-Friends
Collected lists
- Gjesdal ≥ 100m pf.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Hordaland ≥ 500m pf.
- 2000m 10m pf. fastlandet
- Rogaland ≥ 250m pf.
- Forsand ≥ 100m pf.
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Gjesdal 50m pf
- Sandnes 50m pf
- Hjelmeland ≥ 100m pf.
- Suldal ≥ 100m pf.
- Oppland ≥ 500m pf.
- Haugalandet >=100m pf.
- Odda ≥ 100m pf.
- 1800m ≥ 100m pf. fastlandet
- Norske kremtopper av E.W.T
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Sør-Norge >500m pf
- Bjerkreim 50m pf
Favourite peaks
Kammen og Vardafjellet
- Date:
- 10.06.2012
Begynte turen opp til Kammen frå Røyrdalen ovanfor dirdalstunellen. Gjekk så gjennom Norstone sin tunell opp til steinbrotet. Siden dette var sundag var det heldigvis ingen aktivitet der. Ellers kjøres det tidvis natt og dag, og ein bør absolutt ikkje gå gjennom den tunellen da. Var først på vesttoppen som eg trudde var toppen siden det låg to steiner oppå kvarandre som varde. Gjekk videre nordover til Vigaknuten som har ei mast på toppen. Såg deriffrå at det var en topp til lenger aust på Kammen som er høgaste punkt, men som eg hadde oversett pga den tette bjørkeskogen. Var oppom begge toppane på tilbaketuren. Etterpå gjekk eg frå Rage gjennom sandtaket opp i skaret vest for Vardafjellet og opp vestryggen. Vidare ned igjen på austsida i en ganske bratt skråning med bjørkeskog >>>
7-nutstur og et par til i Sandnes
- Date:
- 03.06.2012
Start/ mål ved skytebanen på Vatne. Løypa gjekk over Mattirudla, Bjørndalsfjellet, Fjogstadnuten, Dalsnuten, Øvre Eikenuten, Rudla og Vassfjellet. Mellom Fjogstadnuten og Dalsnuten tok eg en avstikker opp på Skjørestadfjellet som ikkje inngår i 7-nutsturen. Brukte 6t inkl kvarters pauser på 300m-toppane. Lettskya fint og litt kjølig ver med nordatrekk og upåklagelig utsikt. Nordover kunne eg bl.a sjå Englafjell og Ulvanosa i Kvinnherad og Hustveitsåta, Kyrkjenuten og Skaulen i Sauda. Som vanlig mange folk som gjekk den populære 7-nutsturen. Etterpå gjekk eg frå Haga opp på Hagafjellet på andre sida av rv 13.
Sommarskitur vest for Rosskreppfjorden
- Date:
- 02.06.2012
Gjekk frå Fossebu ved rosskreppdammen nordover vest for Bosvatnet over Dygråvatnet opp til 1295-toppen nordvest for Skrubbeskard og videre til Skrolletørnane. I det austvendte terrenget her var det stort sett samanhengane skiføre, men som vanta snøbart på toppane. Isen på "fjorden" hadde løsna frå land og var i full opløysning nord for Botnshaug og mesteparten isfritt nord for Åsneshaugane. Snudde og gjekk sørover igjen over 1336-toppen sørvest for Stordalsskardet, Taumevassheia, Bekkjedalsknuten og Skjerevassheia tilbake til demningen. Stort sett halvskya ver, N-V frisk bris og lette snøbøyer midt på dagen og i kveldinga.