Archive - Date
Archive - Activity
-
Ski trip (25)
- Backcountry skiing (25)
- Trip by foot (48)
Peakbook-Friends
Collected lists
- Gjesdal ≥ 100m pf.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Hordaland ≥ 500m pf.
- 2000m 10m pf. fastlandet
- Rogaland ≥ 250m pf.
- Forsand ≥ 100m pf.
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Gjesdal 50m pf
- Sandnes 50m pf
- Hjelmeland ≥ 100m pf.
- Suldal ≥ 100m pf.
- Oppland ≥ 500m pf.
- Haugalandet >=100m pf.
- Odda ≥ 100m pf.
- 1800m ≥ 100m pf. fastlandet
- Norske kremtopper av E.W.T
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Sør-Norge >500m pf
- Bjerkreim 50m pf
Favourite peaks
Refslandsknuten og nabotopper
- Date:
- 27.09.2012
Gjekk frå Mysing på merka sti mot Hestafjellet og så opp til Hellersheia i tyngre terreng. Veret begynte fint men det skya til frå nordvest og kom meg opp til Reflandsknuten mens det endå var opphald. Så kom det ei bøye og skodda senka seg ei kort stund, men det letta heldigvis fort opp igjen og blei noen solgløtt utover ettermiddagen. Gjekk videre sørover til Nonsknuten og Ollestadfjella før eg gjekk vestsørvestover og opp på Eldsknuten frå Sørenden av Grimingsvatnet. Gjekk så nordover over Rygglene og langs vestsida av Mjåvatnet og opp til Mysinghålå der motstandsfolk gjøymte seg under ei stor steinblokk under krigen. Til slutt gjekk eg opp på Bukkaknuten og Vardåsen før eg gjekk ned til Mysing igjen. En tung tur for det meste utanfor sti i høgt gras og lyng og i området >>>
Stavslinuten
- Date:
- 23.09.2012
Parkerte ved et grdsbruk på Botne og gjekk på skogsveg forbi ei grind opp til vidsyn på ca 800 moh, og så på en dårligere skogsveg sørover et stykke før eg gjekk ordentlig ut i terrenget til Myrstøyl, over Vidsynnuten, ned i et bekkegjel og opp nordvestryggen til Stavslinuten. Fin pyramideforma varde på toppen som ifølge "nuteboka" nylig er bygd opp igjen etter å ha rast ned sist vinter. Fulgte ryggen videre et stykke og så over Krokktjønnutane og nordover ned skogen til eg kom inn på en annen skogsveg ned til Berdal og så opp til Botne igjen. Brukte ca 7t på denne rundturen men det var antakelig ikkje det raskaste og enklaste rutevalg hverken opp eller ned. Det stod i nuteboka om tidsbruk på en god time opp frå hyttene, og mulig det er frå Ormestøyl / Stavsli nordvest >>>
Skorve og Hestenutan
- Date:
- 22.09.2012
Gjekk frå Skorvetoppen parkering 1,5 km aust for Kivlegrendi på bratt grusveg opp til Karlstaul og så på godt merka sti via flyvraket sør for Gøysen og tok derfra mi eiga rute siste stykke til toppen. Kraftig nordavind på toppen og det snøa over Mælefjell og Lifjell mens det var klar utsikt vestover. Fulgte sti videre til Nordnibba og ned forbi Såta som eg var oppom før eg gjekk opp på Hestenutan og ned på sørsida og over ei myr før eg kom inn på stien ovanfor Finndalen og fulgte den ned til Skridustaul og Tresland. hadde lagt fra meg en sykkel ved betalingsbommen og sykla derfra tilbake til Skorve parkering. Brukte 8t på denne rundturen.
Mælefjell og Blåtjønnfjellet
- Date:
- 21.09.2012
Gjekk frå vestenden av Slåkjavatnet på sti til Londalsbrauta og så opp austsida til Steinfjellet og videre nordvestover i steinørken til Mælefjellmassivets høgaste punkt som har stor varde. Flott ver og det var snødekte topper på Haukelifjell og Hallingskarvet, mens Gaustatoppen var snøfri. Gjekk bortom nordausttoppen og ned den bratte nordsida der eg var litt uheldig med veivalget og det blei noe utsatt klyving ned noen plasser. Her var det frost så det var is fleire plasser i fjellsida. Gjekk rundt på nordsida av Londalsvatnet og opp på Gyvrenuten og dei to Blåtjønnfjella og over Slåkanuten til slutt før eg gejkk ned til Londalsbrauta igjen og fulgte stien tilbake til Slåkavatnet. Brukte drøye 10t på denne turen og grunna sein avgang måtte eg bruke lommelykt siste timen >>>
Roholtfjellet
- Date:
- 20.09.2012
Sykla på en bomveg frå Eistod nordover det første stykket og så vestover til Perstøyl. Ved enden av vegen ovanfor Perstøyl stod det et treskilt, som var vanskelig å legge merke til, ca 10 m inn i skogen med "Roholtfjellet "klatrerute". Fulgte denne merka stien opp til Vestre Roholtfjellet. Kun enkle klyvepartier men et par sva kan kanskje være utfordrande i regnver. Gjekk så over til Austre Roholtfjellet som hadde litt meir utfordrande "klatring" 30-40 hm under toppen. Gjekk så ned til Perstøyl igjen og det gjekk radig å sykla ned igjen til Eidstod. Brukte ca 5t på denne turen i flott haustver men det gjekk noen bøyer i nordvestlige fjellområder som øydela noe av utsikten den veien.